Hopp til innhold

Her var det over 20 grader i natt

I Sunndaldalsøra, Tafjord og Valldal har det vore ekstra varmt i natt.

Valldal

Valldal hadde over 20 grader natt til onsdag.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Temperaturen på dei tre stadane i Møre og Romsdal har vore på heile 20,3 i natt. Også i morgontimane var det sommartemperaturar. Til samanlikning har det berre vore 0,8 grader på Nyrud i Finnmark og 1,8 grader i Bardufoss i Troms.

– Det er spesielt i indre strok av Møre og Romsdal det er varmt. Eg trur nok det er ein fønvind som spelar inn, seier statsmeteorolog Anne Solveig Andersen. Vinden kjem frå ei sør-søraustleg retning og når det er mildt, vert lufta pressa nedover slik at det vert varmt i låglandet.

Valldal camping

Eigarane av Valldal camping er godt nøgd med å ha sommar i september.

Foto: Ole Henrik Uri

Triveleg med fint ver

Ved Valldal camping er dei godt nøgd med å ha sommar i september. Ole Henrik Uri er ein av drivarane av familiedrifta.

– Det er klart at folk kosar seg når det er fint ver. Det er triveleg. Vi har som regel fine haustar, kanskje finare enn sommaren, seier Uri. Han trur ikkje vêret påverkar talet på turistar som kjem på campingen.

– Gjennomtrafikken er konstant uansett om det er fint ver eller ikkje. Turistane har gjerne planlagt reisa si. Vêret har meir å seie for dei fastbuande som kjem i helgene, seier Uri.

Venta nedbør

Meteorolog Andersen kan ikkje love at det vert badever alle stader i dag. Det er venta regn i Møre og Romsdal.

– Det er mest nedbør i sør no på morgonen, og den breier seg nordover, seier Andersen.

Temperaturane kan halde seg høge i indre strok. Torsdag er det også meldt litt regn, men fredag er det gode sjansar for opphaldsvêr.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL