Hopp til innhold

Her vaknar fotballen til live att 1.påskedag

Første påskedag gjenoppstår A-laget til Fjørtoft Idrettslag. Fråflyttingsøya med 133 innbyggarar har så godt som ingen heimebuande ungdommar igjen. Men ungdommane som har flytta til fastlandet kjem no tilbake annakvar veke for å spele 6.divisjonfotball på den gjenopna grasbana.

Emil Otterlei og Norunn Wuttudal

Emil Otterlei og Norunn Wuttudal fjernar det gamle tribuneanlegget. Her skal det bli plass til ein stor fan-skare frå 1. påskedag.

Foto: Eldar Fjørtoft

Som eit slags sunnmørsk «Himmelblå» ligg Fjørtofta ytst på Mørekysten. Folketalet går raskt nedover. Berre dei gamle har blitt buande att. Dei fleste unge har flytta til fastlandet der det fins jobb.

Men no vender ungdommen heim for nokre timar annakvar veke, for å skape ein ny, stolt tradisjon på øya.

– Vi spelte der då vi var små på byrjinga av 2000-talet. No bur og trenar vi på fastlandet. Men alle heimekampane skal spelast på øya, seier initiativtakar til gjenoppstandelsen, Hans Edvard Nordang.

Bana grodde igjen

Det er lenge sidan seriefotballen rulla på øya i havet nord i Haram. Gjennom store deler av 2000-talet har graset fått gro fritt. Kanskje har ein og annan hjort, og andre dyr, fått beite på grasbana.

– Bana såg ikkje ut. Det var eit voldsomt syn. Ho var vel ikkje blitt brukt noko særleg på 7–8 år, fortel Nordang.

Trøndere på påskeferie, frå venstre: Iver Fjørtoft, Solveig Fjørtoft, Ingvill Høybakk, Johanne Høyba

Dugnad er rett og slett gøy. Her har vi Iver Fjørtoft, Solveig Fjørtoft, Ingvill Høybakk og Johanne Høybkk.a

Foto: Eldar Fjørtoft

Fjørtoft Vitos lager innbytterskur

Dei som sit på innbytarbenken skal få gode forhold, sjølv om bana ligg ytst på mørekysten. Her er Vitos i sving med å lage innbytarskur.

Foto: Eldar Fjørtoft

Dugnad, dugnad og atter dugnad

Heile fjoråret gjekk med til å stelle i stand bana. Alt gras blei fjerna og bana blei sådd på nytt. Lokale firma hjelpte til med køyring av sand og anna arbeid som må utførast for å få eit så perfekt resultat som mogleg.

– Vi har fått mykje hjelp frå mange. Vi har fått gode prisar frå lokale firma og mykje sponsing. Men med god hjelp ser dette ut til å gå bra.

Fjørtoft Terje Hurlen rørlegger

På eit stadion trengs det garderobar. Her er Terje Hurleni gang som rørleggar og fiksar dusjane i ein av garderobane.

Foto: Eldar Fjørtoft

Satsar på opprykk

Den sportslege satsinga på A-laget til Fjørtoft skal vere i rute. Dei fleste spelarane har erfaring frå 3. og 4. divisjon frå før. I underkant av 10 spelarar er fødde og oppvaksne på Fjørtofta. I tillegg har nokre kollegaer og vener blitt med.

– Mange av oss spelte på aldersbestemte lag for Fjørtoft tidleg på 200-talet. No har vi samla spelarar og alle saman er stort sett busette på fastlandet i Haram og i Ålesund. Eigentleg er laget ein stor vennegjeng, seier Nordang.

Fjørtoft Gunn Otterlei Fjørtoft, Bernt Fjørtoft og Norunn Wuttudal.

Dugnad, dugnad og atter dugnad. Her er Fjørtoft Gunn Otterlei Fjørtoft, Bernt Fjørtoft og Norunn Wuttudal i sving med å pusse opp klubbhuset.

Alle heimekampane på Fjørtofta

Nordang lovar at alle heimekampane skal spelast på Fjørtofta, sjølv om treningane går føre seg på Haram fastland og på Color Line Stadion i Ålesund.

– Målet er å skape aktivitet og fotballglede på Fjørtofta. No møter vi naboklubben HaNo første påskedag. Dette blir stort.

Fjørtoft Gunn Otterlei Fjørtoft

Klubbhuset får ei grundig oppussing. Her er Gunn Otterlei Fjørtoft i gang med malarkosten.

Foto: Eldar Fjørtoft

Supporterutstyr og klubbsong

Og opp i all aktiviteten har laget hatt tid til å skaffe seg drakter. Dei går i fargane blått og kvitt. Og sjølvsagt er også ny heimeside på Internetttet klar.

– Vi har også skaffa supporterutstyr, blant anna kvite og blå skjerf. Og klubbsongen blei klar tidleg denne veka og ligg no tilgjengeleg på Spotify, seier Nordang.

Fjørtoft Norunn Wuttudal med hammeren

I samband med malingsarbeidet har listene vore nede. Her er Norunn Wuttudal i ferd med å få dørlistene på plass att.

Foto: Eldar Fjørtoft

Fjørtoft Knut Anders Hjelseth med sandlass

Her får fotballbana på Fjørtofta nytt liv. Og på 1. påskedag kl. 15.30 gjenoppstår A-laget i eit heftig lokaloppgjer mot nabo HaNo.

Foto: Eldar Fjørtoft
Fjørtoft