Hopp til innhold

Her hakkar Jens Ivar (21) hol i isen og tenner på

Skøyteturen blei ei spesiell oppleving for Jens Ivar Ellingsen og faren då dei jakta på små, eksplosive bobler under isen.

GASS I ISEN: Jens Ivar Ellingsen (21) opplevde fenomenet for første gong. Her tenner han på metangassen som ligg i bobler i isen. Foto: Einar Ellingsen.

21-åringen trudde ikkje sine eigne auge då han blei med faren på skøyteisen nyleg. Han hadde venta seg eit iskaldt eventyr, men det blei bokstavleg talt brennheitt.

– Det var eit høgdepunkt med skøyteturen. Det er første gong eg har opplevd noko slikt og eg var imponert over at det brann så lenge, seier Jens Ivar Ellingsen (21), som fekk æra av å tenne på gassen.

Kalde og fine dagar har den siste tida gitt optimale skøyteforhold fleire stader i landet. Spegelblank is har også gjort det lett å sjå store og små bobler i isen.

– Ein kamerat forklarte at metangass blir fanga i boblene og at ein kan stikke hol på isen og sette fyr på gassen, fortel sunnmøringen og skøyteentusiasten Einar Ellingsen.

Nyleg blei han gjort merksam på bobler i isen på Selbusjøen i Trøndelag, og frå kjemiundervisninga på skulen forstod han kva det kunne bety.

Bonus med skøyteturen

Far og son Ellingsen fann ei passe stor boble og hakka hol i den med ein skistav.

Einar Ellingsen og Jens Ivar Ellingsen

FORSIKTIG: Jens Ivar og Einar Ellingsen lét seg fasinere av eksperimentet, men ber andre vere forsiktige om dei vil prøve det same.

Foto: Privat

Det skulle ikkje meir til enn eitt par hakk før islaget sprakk opp og metangassen siva ut. Dermed fekk dei fyr på gassen, som skyt opp i ein høg, oransje flamme.

– Det gjekk over all forventning. Det var litt skummelt og veldig fasinerande, seier Ellingsen.

Gassen i boblene kjem frå rotnande biologisk materiale som ligg på botnen av vatnet. Stort sett er det metangass i lommene, men det han også vere hydrogengass til stades.

Ber folk vere forsiktige

Dei to vektlegg at sjølv om dei synest det var eit spennande eksperiment, så ber dei andre om å vere forsiktige dersom dei let seg freiste til å prøve det same. Kombinasjonen av gass og eld kan i verste fall føre til brannskadar, åtvarar dei.

Sindre Egeness, leder forebyggende Ålesund brannvesen KF

FARLEG GASS: Sindre Egeness i brannvesenet seier at metangass kan vere svært brannfarleg.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Ein bør vere veldig forsiktig. Sjekk vindretninga og ikkje ver for nær. Det er også viktig å vere obs på at dess lenger tid det går før ein får fyr, dess meir gass vil det vere i lufta. Det er ikkje risikofritt, seier Einar Ellingsen.

Han får støtte av Sindre Egeness, som er leiar for den førebyggande avdelinga i Ålesund brannvesen. Han seier at metangass generelt er farleg fordi det er ein svært brannfarleg gass. Når den blandar seg med luft kan det føre til ein kraftig eksplosjon, fortel Egeness.

– Problemet er at ein ikkje veit kva eller kor mykje av gassen som er under isen, og det er det som er så farleg. Flammen kan gå ned igjen i holet og der kan det vere ei optimal blanding av gass og luft som fører til ein stor eksplosjon, seier avdelingsleiaren.

Egeness seier at det også kan vere farleg fordi ein ikkje kan vite sikkert kva blanding av gassar som finst i isboblene.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL