Hopp til innhold

Her tek kvinnene over leiarstillingane

I Møre og Romsdal fossar unge kvinner fram som leiarar. I eit fylke som har slite med kvinneunderskot, er situasjonen i ferd med å snu.

Ålesund sentrum mot byfjellet Aksla.

I Møre og Romsdal aukar delen kvinnelege leiarar. Ein unik posisjon, meiner statssekretær Gunhild Berge. På biletet Ålesund sentrum.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Møre og Romsdal er éin av dei minste regionane i landet og har i lang tid slite med både fråflytting og kvinneunderskot. No ser det derimot lysare ut.

Trygve Grydeland

Rådgivar Trygve Grydeland trur utviklinga vil skyte fart dei kommande åra.

Foto: Oda Flatnes / NRK

For første gong er fleire kvinner med lang høgare utdanning sysselsett i fylket enn menn. Berre dei siste åra har talet å kvinnelege leiarar auka med 6,7 prosent.

– Held det fram slik vil vi få fleire kvinnelege enn mannlege leiarar i 2055, men før den tid vil det nok skyte ytterleg meir fart, seier rådgivar Trygve Grydeland i fylkeskommunen.

– Er du ei karrierekvinne, du?

Ute på Sunnmørskysten held fylkeskommunen på med sitt største byggeprosjekt nokosinne. Nordøyvegen skal binde fleire øyar til fastlandet. Prislappen er på 5 milliardar kroner og leiar for prosjektet er ei kvinne.

Marianne Nærø, prosjektleder Fv. 659 Nordøyvegen hos Møre og Romsdal fylkeskommune

Marianne Nærø er prosjektleiar for fylkesveg 659 Nordøyvegen.

Foto: Hans-Olav Landsverk

– Det er klart eg får mange spørsmål og kommentarar. Eg har fått spørsmål om eg er ei karrierekvinne. Slike spørsmål ville aldri vorte stilt til ein mann. Det er jo ingen menn som får spørsmål om dei er karrieremenn, seier Marianne Nærø

Nærø har hatt ein sjef som har oppmoda henne til å ta utfordringar.

– Eg er heile tida oppteken av å gjere ein best mogleg jobb der eg er, og det har gitt meg moglegheiter som eg har valt å ta, seier ho.

Nærø har sjølv tilsett alle som jobbar med milliardprosjektet, som er ei god blanding av kvinner og menn.

– Eg meiner at det å ha ei balansert kjønnsfordeling er bra for arbeidsmiljøet og for trivselen på jobb.

– Møre og Romsdal er i ein unik posisjon

Statssekretær Gunhild Berge Stang (V) i Kultur- og likestillingsdepartementet synest det er gledeleg at fleire kvinner vil vere med å leie Møre og Romsdal i framtida.

Gunhild Berge Stang

Statssekretær Gunhild Berge Stang synest det er gledeleg at fleire kvinner vil vere med å leie Møre og Romsdal i framtida.

Foto: Fabian Ubeda / NRK

– Eg synest det er positivt, men ikkje overraskande, at arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal reflekterer at kvinner har satsa på høgare utdanning gjennom fleire år. Men vi har framleis ein veg å gå når det gjeld likestilling i toppen av næringslivet. Derfor er Møre og Romsdal i ein unik posisjon ved at dei har moglegheit til å få fleire kvinnelege leiarar i framtida, seier Berge Stang.

– Kjempepositivt

Lene Vadseth Larsgård frå Ålesund er ikkje spesielt overraska over at kvinnene vil overta leiarstillingar i åra som kjem.

Lene Vadseth Larsgård

Lene Vadseth Larsgård (21) studerer i Oslo, men engasjerer seg i politikken i heimfylket.

Foto: Oda Flatnes / NRK
Hedda Haugen.

Hedda Haugen synest det er for få kvinnelege førebilete i Møre og Romsdal i dag.

Foto: Oda Flatnes / NRK

Eg synest det er kjempepositivt, det gjer jo berre at vi får veldig mange dyktige og flinke folk til å yte tenester her i fylket vårt.

Larsgård har i fleire år vore medlem i Ungdommens fylkesting, ho er òg kommunestyrerepresentant for Høgre i Ålesund.

Hedda Haugen (18) frå Sunndalsøra vart i helga valt til leiar for ungdomspanelet i Møre og Romsdal. Ho håpar generasjonen hennar vil vidareføre den positive utviklinga.

– Eg tenkjer at det er på høg tid. Det er ei banebrytande og positiv utvikling som eg håpar generasjonen min vil vidareføre.