NRK Meny
Normal

Her svir bøtene mest

Drikk du øl på gata eller fell for freistinga å tisse i eit portrom kan byturen fort koste deg dyrt. Men kor stor bota blir, varierer etter kvar du er i landet.

Politiet rykkjer ut på vald i Bergen sentrum

Politiet har det ekstra travelt i julebordsesongen. Får du bot for oppførselen din, kan det fort svi i lommeboka.

Foto: NRK

Bøtesatsane blir fastsett i dei ulike politidistrikta. Berre i Møre og Romsdal er forskjellane i pris merkbare. Nordmøre og Romsdal ligg jamt over høgare enn politidistriktet sør i fylket (sjå oversikt nedst i artikkelen).

Mellom anna er det om lag dobbelt så dyrt å drikke på gata i Molde eller Kristiansund, enn om du gjer det same i Ålesund. Medan du må ut med minst 3000 kroner på Sunnmøre, startar satsane lenger nord i fylket på 6000 kroner.

Meiner folk skal merke reaksjonen

Og slik er det over heile landet. Ei rundspørjing NRK har gjort til ei rekkje politidistrikt viser forskjellar på fleire felt.

Medan du i Asker og Bærum må ut med 2500 kroner for å tisse på gata, startar prisen på 4000 i Follo – eller minst 6000 kroner om det er helg. Men vel du å late vatnet slik at du grisar til hus eller anna, auka prisen raskt, også i Asker og Bærum, der satsen då startar på 4000 kroner. I Tønsberg startar bøtene på 4000 kroner, men ved tilgrising blir det fort meir.

Ove Brudevoll

Ove Brudevoll er politiadvokat i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Vi ønskjer jo at det skal vere folk i byane og at dei skal hygge seg, særleg no i julebordsesongen, og då må vi reagere når nokon øydelegg, seier politiinspektør Ove Brudevoll ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

No i førjulstida er det fleire enn vanleg som er ute på byen og risikerer å bli bøtelagde om dei ikkje held seg i skinnet. Brudevoll seier folk skal merke reaksjonen dersom dei oppfører seg dårleg.

– Vi ser jo at det er ein del folk i byen som vanlegvis ikkje er ute og at det gjerne blir ein del alkohol, og det er gjerne då slike ting oppstår.

– Kva tenkjer du om at satsane er så ulike for Nordmøre og Romsdal og til dømes Sunnmøre?

– Eg tenkjer at vi har fornuftige satsar, ut over det har eg ikkje noko meining om det, seier Brudevoll.

Skjønn avgjer storleiken

Sjølv om satsane er ulike, kan det fort bli dyrt uansett. Politiet understrekar at det er den konkrete hendinga som avgjer kor stor bota faktisk blir, og grove overtramp skal koste dyrt.

Eli Anne Tvergrov

Eli Anne Tvergrov er kommunikasjonsrådgjevar i Sunnmøre Politidistrikt.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Eli Anne Tvergrov i Sunnmøre politidistrikt er lite opptatt av at satsane er ulike. Hennar distrikt har låg startsats på fleire av bøtene samanlikna med andre delar landet. Ho meiner likevel folk må vere klar over at bota kan bli høg, uansett kvar du er.

– Bøtene blir avgjort ut frå skjønn i kvar enkelt sak. Til dømes vil bøtesatsen for å nekte å betale drosjerekninga starte frå 3000 kroner, men i grove tilfelle kan bota fort ende på 5000 kroner og meir, seier ho.

Og nektar du å vedta bota frå politiet, blir summen oftast langt høgare.

– Det er oftast langt dyrare å få saka behandla i retten, seier Tvergrov.

Kan tilpasse satsane lokale utfordringar

Vil du ikkje fortelje politiet kven du er, er det billigast i Ålesund. På Sunnmøre startar bøtene på 3000 kroner, medan bota i Trondheim blir meir enn dobbelt så dyr. Der startar prisen på 7000.

Og skulle du falle for freistinga å stikke av frå drosjerekninga, bør du ikkje gjere det på Sørlandet. I Kristiansand kostar dette deg 5000 kroner – i tillegg til den opphavlege rekninga. Dei fleste stader startar prisen på 3000 kroner.

Det kan altså skilje fleire tusen kroner frå distrikt til distrikt.

Politiinspektør Inge Lise Øverby, leder retts- og påtaleneheten

Inga Lise Øverby er leiar for retts- og påtaleeningan i Søndre Buskerud politidistrikt.

Foto: Politiet

Når satsane varierer kan det skuldast at politiet kan tilpasse dette til lokale forhold. Det seier politiinspektør Inge Lise Øverby i Søndre Buskerud politidistrikt.

– Dersom eit distrikt har særlege utfordringar, til dømes innanfor ordensforstyrring, kan det vere at dei ønskjer å auke satsane på dette område, seier ho.

I Vestfold har dei mellom anna valt å ha høgare bøter for ordensforstyrring og for å ikkje rette seg etter pålegg frå politiet når dette skjer i bysentrum. Andre stader, til dømes på Lillehammer og Lillestrøm, har dei høgare bøter i helgane. Nokre stader er satsane høgare om sommaren, når turistane inntar bybiletet.

Bøtesatsar ulike politidistrikt 2014

Politidistrikt

Drikke på off. stad

Urinering

Ikkje rette seg etter pålegg

Ordensforstyrring

Nekta å oppgi personalia

Nekte å betale drosjerekning

Agder

Frå 4000

Frå 4000

Frå 5000

Frå 4000

Frå 5000

Frå 5000

Asker/Bærum

Frå 2000

2500 (ved tilgrising 4000)

Frå 5000

Frå 5000

Frå 5000

Frå 3000

Follo

Frå 2000

Frå 4000 (6000 i helg)

6000 (9000 i helg)

6000 (9000 i helg)

Frå 6000

Frå 3000

Gudbrandsdalen

Frå 3000

Frå 3500

Frå 5000

Frå 3500

Frå 5000

2000-4000

Hordaland

Frå 2500

Frå 4000

Frå 6000

Frå 10000

Frå 5000

Frå 3000

Nordmøre og Romsdal

Frå 4000

Frå 4000

Frå 6000

Frå 8000

Frå 6000

Frå 3000

Oslo

Frå 2000

Frå 4000

Frå 6000

Frå 6000 (9000 i helg)

Frå 6000

Frå 3000

Rogaland

Frå 2000

Frå 4000

Frå 6000

Frå 8000

Frå 6000

Frå 3000

Romerike

Frå 2000

Frå 4000

Frå 6000 (13000 i helg)

6000 (9000 i helg)

Frå 6000

Frå 3000

Salten*

Frå 3000

Frå 3000

Frå 6000

Frå 8000

Frå 6000

Frå 4000

Sogn og Fjordane

Frå 2000

Frå 4000

Frå 4000

ikkje oppgitt

Frå 4000

ikkje oppgitt

Sunnmøre

Frå 2000

Frå 3000

Frå 3000

Frå 3000

Frå 3000

Frå 3000

Søndre Buskerud

Frå 2000

4000 (meir ved tilgrising)

Frå 6000

Frå 6000

Frå 6000

frå 3000

Sør-Trøndelag

Frå 3000

Frå 4000

Frå 7000

Frå 10000

Frå 7000

Frå 5000

Troms

Frå 3000

Frå 3000

Frå 6000

Frå 5000

Frå 6000

Frå 3000

Vestfold

2000-4000

4000 (meir ved tilgrising)

Frå 8000 i sentrum

8000 i sentrum

Frå 5000

3000 + erstatning

Østfold

Frå 2000

Frå 4000

Frå 6000

Frå 6000

Frå 6000

Frå 3000

* dei same satsane gjeld for Midtre Hålogaland og Helgeland