Hopp til innhold

Strikkar sine eigne sjøvottar

I Sykkylven har karane teke til strikkepinnane. Medlemane i Spleiselaget lagar sine eigne sjøvottar.

Strikkekurs 2

Spleiselaget i Sykkylven arrangerer kurs i sjøvottstrikking. Dei fleste av deltakarane frå båtlaget er menn. – Vi har kasta oss ut på djupt vatn denne gongen, seier Lars Longva (t.h.).

Foto: Jan Åge Sundnes

– Det er krevjande, veldig krevjande. Vi har kasta oss ut på djupt vatn denne gongen.

Lars Longva sit og strikkar i ein stol på lærarromet på ungdomsskulen i Sykkylven. Han er deltakar på kurset i sjøvottstrikking, og er medlem av båtlaget Spleiselaget, som er arrangør.

Det er kurskveld nummer to.

- Eg har kome lenger enn eg hadde aning om. Eg høyrde frå karane at alle var ferdige med eine votten til helga som var. Eg var berre komen kort.

Då måtte Lars hive seg rundt og strikke. Fyrste votten vart nesten ferdig til i dag. Det hadde han aldri trudd skulle gå an.

– Eg har fått hjelp av kona til å forstå oppskrifta, for den er ikkje vanleg norsk, seier han.

(Sjå TV-innslag frå kurset nedst i saka)

Astrid Skjelten

– Eg trur nok mange av dei har strikka før, seier Astrid Skjelten (t.v.).

Foto: Jan Åge Sundnes

Kunnig kvinnehjelp

Mennene er i fleirtal på kurset. Men utan hjelp frå det motsette kjønn, hadde nok ikkje deltakarane, inkludert Lars, hatt éin sjøvott klar allereie etter fyrste kurskveld.

Leiar Ove Bjerkan i båtlaget innrømmer at strikkekurset er avhengig av kvinneleg rettleiing.

– Vi var jo veldig spente då vi køyrde i gang dette kurset, om vi ville få nokon respons på det. No er det altså elleve menn som har meldt seg på. Så fekk vi heldigvis med åtte damer, slik at vi har ekspertar. Det er heilt nødvendig, viser det seg av ein eller annan grunn, seier han muntert.

Magnhild Vatne

Ferdigstrikka skal sjøvottane tovast. Kursleiar Magnhild Vatne viser fram eit minst hundre år gammalt tovebrett.

Foto: Jan Åge Sundnes

Instruktøren med peiling på både sjøvott og strikking heiter Magnhild Vatne. Ho jobbar til dagleg ved Sykkylven Naturhistoriske Museum. Å lage sjøvottar er fritidssyssel.

Største utfordringa med å lære vekk sjøvottstrikking er at folk strikkar så veldig ulikt.

– Nokre strikkar krampestrikking, og strikkar fole stramt. Nokre er lausstrikkarar og strikkar for slakt. Så storleiken og masketalet kan verte veldig forskjellig frå person til person, seier ho med ein liten latter.

Tradisjonsvott

Idéen bak å lage eit strikkekurs for sjøvottar kjem frå statsstipendiaten Amy Lightfoot, fortel Bjerkan. Ho er kulturvernarbeidar og held til på Hitra, og besøkte nyleg båtlaget.

Sjøvotten har ein lang tradisjon i kystkulturen, og har truleg vore brukt i hundrevis av år, kanskje sidan strikkinga kom til Noreg og vart kjent for folk flest på 1500- 1600-talet. Strikkekurs 3

Når det gjeld tråden, brukte folk langt tilbake i tid den ulla dei hadde. Den kom gjerne frå gammalnorsk sau, òg kalla villsau. For at hendene dine skal halde varmen sjøl om sjøvotten vert våt, er det ull frå villsauen som gjeld, fortel instruktør Vatne.

Villsauen gjeng ute heile tida, og han slepp ulla. Ein nappar ulla i staden for å klippe den. Då vert det heilt spesielle fibrar.

– Og så er det ein del feittstoff i ulla, slik at den vert vassavvisande. Derfor er den god å bruke om du står i fare for å verte våt, slik som på sjøen, seier ho.

Strikkekurs 3

Flesteparten av kursdeltakarane er menn. Likevel er kvinnene viktigast. – Vi er heilt avhengige av å ha med oss ekspertar, seier leiar i båtlaget Ove Bjerkan. Magnhild Vatne (i midten) er instruktør.

Foto: Jan Åge Sundnes

Dette har båtentusiast Bjerkan erfart. Han er mykje på sjøen, der det er lett å fryse på fingrane.

– Skikkelege sjøvottar som vi strikkar ganske store og tovar ned til vanleg storleik, dei vert både tette og varme, sjølv om dei vert våte. Så sjøvottar er fint og kjekt å ha, seier han.

Ove Bjerkan

Ove Bjerkan jobbar med sjøvotten sin. Han mistenkjer at nokre av mennene på kurset er skapstrikkarar.

Foto: Jan Åge Sundnes

Fire pinnar... Eller var det fem?

Lars er fokusert. Han er i gang med sin andre sjøvott og prøvar å halde kontroll på dei solide grå ulltrådane av villsau. Ein ferdigstrikka sjøvott skal likne ei kveite, før den seinare vert tova. Mattelæraren vedgår at arbeidet er utfordrande.

– Kva er det som er så vanskeleg med å strikke ein sjøvott?

– Det er så mange ting, for eksempel pinnar. Då eg høyrde rykte om at vi skulle strikke sjøvottar, vart det sagt vi måtte bruke fire pinnar. Eg tenkte, fire pinnar? Eg har jo berre to hender. Så viser det seg at det er fem pinnar.. Men det gjeng an, det gjer det.

Ute av strikkeskapet?

I vedtektene til Spleiselaget kjem det viktigaste til slutt:

"Me skal ha det kjekt".

I lufta på lærarromet denne tysdagskvelden ligg det ein jamn sus av småprat, konstruktive tilbakemeldingar, klirring frå strikkepinnar og humring.

Sett vekk frå ein og annan maske som dett av pinnen, er stemninga lett. Kanskje er det fordi dei mange mannlege pinnebrukarane endeleg er komne ut frå strikkeskapet?

Astrid Skjelten er ei av damene som held eit auge med strikkinga til karane medan ho trådar i hop sin eigen sjøvott.

Strikkekurs

– Vi hadde besøk av ein kar som var innom strikkekurset førre tysdag. Han forsvann ganske fort, noko han grunngav med at han hadde eit rykte å passe på, seier Ove Bjerkan. Desse tre vart verande.

Foto: Jan Åge Sundnes

Kva synest du om at såpass mange menn har teke vegen her til kurset?

– Det er kjempestas. Artig. Dessutan trur eg det berre er eg som ikkje har strikka heime sidan førre gong. Men eg trur nok det er mange av dei som har strikka før og kanskje har ein genser på samvitet, seier ho og hintar til mannen hennar ved sidan av.

Det verkar å vere meir innvikla å strikke ein genser.

– Nei, ein sjøvott er kompliserte greier, må eg innrømme. Det er tekniske raffinement som felling og det å legge opp og slike ting. Men beint fram? Det går greitt, seier mannen til Astrid.

Sjøvotten og grekarane

På eitt av borda ligg eit stor kveite av villsauull. Med ei nøgd, men samstundes konsentrert mine sit Sveinung Vemøy bak bordet. Stundom kikkar han på den ferdigstrikka votten, som no er modell for den neste.

Sveinung Vemøy

Sveinung Vemøy synest strikkinga er så givande at han heime har starta strikkeklubb saman med kona.

Foto: Jan Åge Sundnes

– Kvifor vil du lære å lage ein sjøvott?

- Ja, sei det. Eg er jo med i dette båtlaget då, og prøvar å vere med på aktivitetane vi kjem opp med. Eg har ikkje spesielt behov for ein sjøvott no, men håpar å bruke han til fjell- og friluftsliv.

– Eg trur han vert såpass tjukk og solid at han vert bortimot vasstett, svarer han.

Sveinung vedgår at det vanskelegaste er det å auke og minke.

– Når du aukar skal du byggje votten ut i vidde. Seinare skal du ta han inn att framme på spissen. Då er det nokre ekstra grep med pinnane då veit du, som du skal få til.

Å strikke rett fram er lettare, seier han. Då byrjar augo å leite etter dei andre, og Sveinung ser etter kaffikoppen.

– Då er eg der eg skal vere. Eg trur dette må vere slikt dei greske karane sit og gjer når dei filosoferer, seier Sveinung med eit innsiktsfullt smil.

Skreiv song for anledninga

Ikkje alle kurs har sin eigen song.

Lars Longva lagar gjerne tekstar til dei ulike aktivitetane Spleiselaget kjem opp med. Så òg for sjøvottstrikkinga.

Då treng me votten - love, blad og totten handlar om kor praktisk det er med sjøvottar på båtfiske. Melodien er I'm so excited av Pointer Sisters.

– Det er ikkje så krevjande å lage ein tekst, men det som er vanskeleg er å finne ein melodi som passar til teksten. Denne gongen synest eg det vart veldig bra, seier Lars sjølv om verket.

(Sjå video frå allsongen nedst i saka).

Strikkekurs 5

'Då treng me votten' rungar på lærarromet på ungdomsskulen i Sykkylven. Tekstforfattar er kursdeltakar Lars Longva. Melodien er 'I'm so excited' av Pointer Sisters.

Foto: Jan Åge Sundnes

Strikkeklubb med kona

Sveinung sit roleg og strikkar maske for maske med den grå ulltråden. Om pinnane seinare stokkar seg under heimeleksa, har han heldigvis nokon å spørje til råds. Han vitnar om ei imponert kone som gladeleg hjelper til.

Lars Longva

– Det er fort gjort å nappe ut feil pinne, eller at maskar forsvinn, seier Lars Longva.

Foto: Jan Åge Sundnes

– Kva seier kona di om at du sit og strikkar?

– Ho er kjempeglad. Ho sit og strikkar mykje sjølv. No er ho veldig happy. Vi sit i kvar vår krok med kaffien i handa og skravlar og strikkar. Reine strikkeklubben, det kan ikkje verte betre!

Kona til Lars er òg ei strikkedyktig kvinne.

– Ho lo og syntest det var morosamt då ho høyrde om dette greiene her.

Han vågar ikkje å strikke åleine.

– Eg må ha nokon att med meg som har peiling, for det er alltid noko som skjer. Ein eller gjerne to pinnar som dett ut for eksempel, eller at eg nappar ut feil pinne, maskar forsvinn...

Det er mykje som kan skje, ifylgje Lars. Heldigvis har han kona.

– Ho skjønar kva som har skjedd når det er store hol i votten der dei ikkje skal vere. Det er i grunnen ho som har gjort at det har gått så greitt å lage den fyrste sjøvotten, seier han.

Spleiselaget i Sykkylven arrangerer kurs i sjøvottstrikking. Dei fleste av deltakarane er menn. "Då treng me votten" er skrive for anledninga.