NRK Meny
Normal

Her spring dei for årets tv-aksjon

– Når tv-aksjonen startar 24. oktober kan vi sette oss ned og vite at vi har bidratt, seier tidtakar Helge Fuglseth. 67 løparar sprang ut frå start ved Emblemssanden i Ålesund.

Østremssetra Opp

Motbakkeløpet Østremsetra Opp gjekk til inntekt til Røde Kors og årets tv-aksjon.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Jan Ketil Vinnes

Jan Ketil Vinnes er initiativtakar til motbakkeløpet.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

I dag vart motbakkeløpet Østremsetra opp på Blindheim i Ålesund arrangert for tredje gong. Inntektene går kvart år til årets tv-aksjon.

– Det vil seie dersom tv-aksjonen går til nokon som driv bistand i den tredje verda, seier Jan Vinnes.

Det var han som starta opp løpet etter å ha fått ideen frå ein palestinsk flyktning, som syntest det var heilt fantastisk å springe oppe på Emblemsfjellet. Jan Vinnes har faste løpstreningar med flyktningar som ønsker å vere med, og brenn for å hjelpe fattige både i nærmiljøet og ute i verda.

– Vi har fått med to flyktningar frå Palestina på løpet i dag, seier han. Og så har vi fire flyktningar som kjem frå Palestina som vil vere med på familieturen, seier han. Familieturen er for dei som ynskjer å gå turen i eige tempo.

– Men det er eit problem at flyktningane ikkje har treningskle, det skulle eg ønske nokon kunne hjelpe med, seier han.

Gå til forsiden

Østremsetra Opp

Østremsetra Opp

Østremsetra Opp

10 bilder

    Kjekt å få hjelpe

    Ahmed Ferhad er 14 år og har vore i Norge i eitt år. Han har kome som flyktning frå Palestina.

    – Eg liker å gå tur, og synest det er kjekt å hjelpe andre, seier han.

    Ahmed Ferhad

    Ahmed Ferhad var med på familieturen.

    Foto: Jannicke Farstad / NRK

    Røde Kors har som mål at TV-aksjonen skal redde liv og gi omfattande helsehjelp til nokon av dei mest sårbare i verda – menneske ramma av krig og konflikt.

    Solveig Drøpping Sæther frå Valderøya deltek også. .

    – Det er andre året eg er med.Det gir ein god følelse å betale kontingent, når pengane går til ei god sak, seier ho.

    Stor interesse

    Randi Nyhaug

    Randi Nyhaug er operativ leiar for Røde Kors i Spjelkavik.

    Foto: Jannicke Farstad / NRK

    Inne på Emblem barneskule sit Randi Nyhaug, som er operativ leiar for Røde Kors i Spjelkavik.

    – Vi synest det kjempeflott at pengane frå løpet går til Røde Kors. Vi opplever eit stort engasjement for årets tv-aksjon i Møre og Romsdal, seier ho. Dei som er medlemmar frå før engasjerer seg enda meir, og det kjem mange andre til oss som lurer på kva dei kan bidra med for å samle inn pengar.

    – Det at det er sett fokus på at vi og skal hjelpe flyktningar her i landet trur eg og engasjerer. Det har vi sett har vore viktig dei siste åra, seier ho.

    Sprang fortast

    16 år gamle Håkon Stavik var den som kom først i mål oppe på Østremsætra. Han hiv etter pusten og beskriv det som eit hardt løp. Han er nøgd med å vere den som sprang fortast til inntekt for Røde Kors i dag.

    – Det er kjekt at pengane går til nokon som trenger det, og ikkje til dei som har nok frå før seier han.

    Håkon Stavik

    Håkon Stavik vann heile løpet.

    Foto: Jannicke Farstad / NRK