Tradisjon tru plar Leif Andersen henge ut meisebollar til fuglane før jul i hagen sin i Sveggesundet i Averøy på Nordmøre. Han likar godt å sjå på fuglane og tar gjerne bilete av dei. No i romjula fekk han plutseleg auge på noko som stakk ut av fuglematen, skriv Brunsvika.net.
– Eg skjønte først ikkje kva det var. Då eg studerte litt nærare såg eg at det kom spirer ut av alle meisebollane. Det er litt komisk, seier Andersen til NRK.
Mild vinter
Det har vore lite kulde denne vinteren og Andersen trur det er årsaka til at fuglematen spirer. Han er spent på om det solsikke eller noko anna som er i ferd med å vekse.
Men småfuglane bryr seg ikkje om at det spirer. Dei held fram med å ete.
LES OGSÅ:
Bra forhold for frøa
Ole Inge Edvardsen ved Smøla hagesenter har aldri sett meisebollar som spirer før.
Foto: privatOlav Inge Edvardsen ved Smøla hagesenter har over 20 års erfaring som landbruksrådgivar. Han har aldri sett at meisebollane spirer midt på vinteren, men meiner det ikkje er utenkeleg at det skuldast den milde hausten og vinteren.
– Det må vere at frøa som ligg inne i meisebollen får passe fukt, lys og temperatur, og dermed slår dei til og spirer, seier Edvardsen.
Denne hausten har han sett blomstring i hagane som slett ikkje er vanleg. Via sosiale medium har han sett fleire som har plukka roser frå hagen til jul.
– Det er slett ikkje vanleg, men det er fordi vi ikkje har hatt frost. Så lenge frosten ikkje kjem, er det framleis liv i busker og tre, seier Edvardsen.