Hopp til innhold

Her spelar hjorten fotball på Nordmøre

Då Turid Kanestrøm såg ut stovevindauget fekk ho oppleve ein heilt spesiell fotballkamp.

HJORTETRIKS: Turid Kanestrøm fanga denne spesielle fotballkampen på film.

Turid Kanestrøm er vand til å sjå hjortar på marka ved huset deira på Frei på Nordmøre. Men onsdag kveld fekk ho ei uventa oppleving då ho såg ut stovevindauget.

For etter at Kristiansund BK akkurat hadde vunne sin første heimekamp denne sesongen, var det fleire som ville vise fram ferdigheitene sine med ball.

– Det er ikkje berre KBK som spelar fotball, det gjer hjorten på Frei også, skreiv Kanestrøm på videoen ho først delte på Facebook.

– Såg ut som dei hadde det gøy

Kanestrøm fortel at det enkelte kveldar er nærare 20 hjortar på markane rundt dei.

Denne gongen låg det også ein fotball på marka som fanga merksemda til hjortane.

– Ein av dei kom bort til ballen og dytta litt bort i den. Så kom det fleire til og dei byrja å leike med den.

Kanestrøm fortel at det var spennande å sjå på den unike fotballkampen.

– Hjorten er leiken og morosam, men den kan også vere lettskremt, så eg trudde kanskje den ville bli skremt unna når ballen byrja å sprette rundt.

– Men det såg berre ut som om dei hadde det gøy, fortel ho lattermild.

– Uvanleg

Erling Meisingset, er forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), og har mellom anna forska på hjort. Han fortel at dei fotballspelande hjortane på Frei er eit uvanleg syn.

Erling Meisingset

Erling Meisingset seier at det er viktig for hjortar å vere raske, ha god koordinasjon og presisjon for å overleve.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Dei har nok vore nysgjerrige på ballen og så er det noko i dei som har trigga dei til å leike med den.

Meisingset seier at ein nysgjerrig og leikefull åtferd kan vere typisk for yngre hjortedyr.

– Når ein ser hjortekalvar kome ut på opne jorde så kan dei begynne å springe fram og tilbake, leike seg og hoppe og sprette rundt. Dei har nok ikkje eit bevisst forhold til leik på same måte som oss, men gjennom leik lærer dei viktige ferdigheiter for å overleve, seier Meisingset.

Hjortar er kjent for å ha god fart, presisjon og koordinasjon. Kanskje ikkje ulikt gode fotballspelarar.

– Det er viktig at ein hjort er rask, har god koordinasjon og kan fote seg når dei for eksempel skal springe gjennom skogen for å rømme frå eit rovdyr, seier Meisingset.

Lyst å lese fleire dyrehistorier? Då kan desse vere noko for deg:

Les også – Kan du si meg veien til hjortopedisk avdeling?

Hjort utenfor Ålesund sjukehus

Les også Fant merkelig dyr: – Jeg trodde først det var en dukke

Mange har stusset over om det kan være en albino-grevling eller en jerveunge.

Les også Musa som ville målbinde katten

Katt og mus i diskusjon

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL