Her slår lynet ut telefonsambandet til sjukehuset

På andre døgnet er det største sjukehuset i Møre og Romsdal utan telefonsamband. Eit lyn slo ned i ei byggekran ved sjukehuset. Ingen blei skadd, men det viktige telefonsambandet blei øydelagt.

Det var like før klokka 16.00 at lynet slo ned i byggekrana på Ålesund sjukehus og øydela telefonsambandet. Spesialsjukepleiaren i psykiatri, Rudy Roelofsen filma lynet. Det skal ikkje ha vore folk i krana då lynet slo ned.

Tilfeldigvis sto Rudy Roelofsen ved vindauget i leilegheita si og filma med mobilen.

– Det var spennande med stormen ute. Og eg såg at lyna nærma seg indre bydel i Ålesund der eg bur. Då lynet slo ned ropte eg: «Lynet slo ned i krana, eg har den, eg har den», seier Rudy Roelofsen entusiastisk.

– Elskar vestlandsk vintervêr

Det var det rufsete vêret på Sunnmøre som lokka Rudy Roelofsen frå Nederland til Noreg. At fascinasjonen over vestlandsk vintervêr skulle føre til at han skulle klare å fange det dramatiske lynnedslaget på sjukehuset hadde han ikkje trudd på førehand.

Rudy Roelofsen
Foto: Privat

– Ja, eg seier eg er klimaflyktning. Det er alt for varmt i Nederland om sommaren. Først skulle vi vere i Noreg berre i åtte månader. Men no har vi bestemt oss for å bli verande. Og eg elskar vêret her, seier den nederlandske spesialsjukepleiaren.

Stort sjukehus i telefontrøbbel

Ålesund sjukehus er det største sjukehuset mellom Bergen og Trondheim. Lynnedslaget i byggekrana sette heile telefonsambandet til sjukehuset ut av drift. Torsdag ettermiddag er framleis sjukehuset i Ålesund utan telefonsamband.

– Pasienttryggleiken er likevel godt vareteken. Naudnummer 113 og akuttelefonen til legevakta fungerer, seier beredskapsansvarleg ved sjukehuset Hans Olav Ose.

Sjukehuset har også oppretta eit eige telefonnummer for dei som treng å kome i kontakt med fødeavdelinga. Og telefonsambandet er førebels omdirigert til Molde sjukehus.

Det var Sunnmørsposten som viste video av lynet først.

400 lyn på 24 timar

Onsdag blåste det opp i sørvest full storm med kraftige regnbyer langs store deler av kysten av Møre og Romsdal og Trøndelag. På 24 timar kom det mellom 400 og 500 lynnedslag som blei registrerte av lynradarane til Meteorologisk institutt.

Over store deler av ytre strok av Møre og Romsdal blei straumen borte, radio- og TV-sendarar fall ut og ferjer og hurtigbåtar måtte innstillast.

– I slikt vêr er det fornuftig å gjere ein innsats på førehand. Det er lurt å dra ut straumleidningane til TV og internett-ruter. Dersom du har alarm som treng å ha nett-samband så bør ikkje denne vere ute av drift for lenge og då bør du sjølv vere til stades for å sjå kva som skjer, seier forsikringsrådgjevar Sindre Vasset til NRK.

Sindre Vasset

Sindre Vasset er forsikringsrådgjevar i Møretrygd.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Vasset stadfester at uvêr med lynnedslag som regel fører til skadar som blir rapportert inn til forsikringsselskapa. Dette gjeld i første rekkje skade på TV, ruterar og alarmsystem. Hos bedrifter er det ofte større og dyrare utstyr som får skadar i slikt vêr.

Vasset anbefaler alle å ha overspenningsvern i sikringsskapet. Dette må installerast av elektrikar.

Jobbar for å finne feilen

Ved Ålesund sjukehus arbeider framleis tilsette ved avdeling for teknologi og utvikling med å finne feilen som har sett telefonsambandet ut av drift. Det er framleis uvisst når telefonsambandet er i orden att.

Rudy Roelofsen arbeider ved sjukehuset og er spesialsjukepleiar i psykiatrien.

– Eg har slett ikkje teke skrekken av dei beinharde vêrtilhøva her. Nei, slett ikkje. Kona mi var allereie i gang med å filme det forrykande vêret. Og straks eg kom heim måtte eg også setje i gang med å filme. Då lynet slo ned i krana ropte eg berre «eg har den, eg har den», gjentek den nederlandske sjukepleiaren.