Hopp til innhold

Her skal utanlandske verftsarbeidarar sitte i karantene

Utanlandske arbeidarar som reiste heim då pandemien kom til Noreg, blir no invitert tilbake til verftskommunen Vestnes. Arbeidarane skal i karantene i brakker og få maten levert.

Brakkebyen til Vard Langsten i Tomrefjord

Brakkebyen til Vard Langsten har plass til over 700 leigearbeidarar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Til vanleg er det eit yrande liv i brakkebyen i Tomrefjord i Vestnes. Her kan det på det meste bu 700 verftsarbeidarar. Men no er det stille også her.

Koronakrisa har ført til prekær mangel på arbeidskraft ved skipsverfta.

Hege Akselvoll

Hege Akselvoll, kommunikasjonssjef i Vard.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Har eiga helseteneste

For å hjelpe Vard-konsernet, har kriseleiinga i Vestnes kommune sagt ja til ei løysing som kan ordne opp i problema.

– Vi er opptatt av å ha eit godt samarbeid med lokale helsestyresmakter, arbeidstilsyn og kommune, og det er difor vi har tatt kontakt med dei no, slik at vi kan planlegge dette i god tid, seier kommunikasjonssjefen i Vard, Hege Akselvoll.

Den første puljen med utanlandske verftsarbeidarar er venta etter påske. Då skal dei sitte i karantene i brakkebyen i to veker, slik at dei etter kvart kan gå på jobb igjen ved Vard-verfta i Tomrefjord, Brattvåg og Søvik.

Akselvoll veit førebels ikkje nøyaktig kor mange som kjem, eller kva land dei kjem frå.

– Dette er under planlegging, men vi førebur at det blir mellom 100 og 180 rett etter påske, og så kanskje ei ny pulje på 180 seinare. Desse går då rett i karantene, seier Akselvoll.

Vard Langsten

Vard Langsten er heilt avhengige av utanlandske arbeidarar. Den første puljen er venta å kome etter påske.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Kommunelegen ser ingen problem med å hente arbeidskraft frå utlandet med tanke på smitte.

– Det er eit veldig godt opplegg. Dei har si eiga helseteneste. Dei har sjukepleiar som skal følge opp arbeidarane ved dagleg inspeksjon, og dei skal ikkje ut og handle sjølv. Dei får maten levert, seier kommuneoverlege i Vestnes, Jan Håkon Fjeldheim.

Leitar også etter norsk arbeidskraft

Svært mange norske arbeidstakarar er blitt permitterte og arbeidslause som følgje av koronakrisa. Akselvoll seier dei også ser etter norske arbeidarar.

– Men det er klart at det ikkje er nok folk med den kompetansen som er tilgjengeleg her i Noreg, difor må vi også ha arbeidskraft frå andre land, seier ho.

Ho presiserer at dei gjer alt dei kan for å hindre smitte både på verfta og i brakkene, samtidig som det også er viktig at dei held drifta i gang så sant det går.

– Statsministeren seier at alle som kan, skal halde hjula i gang, og vi gjer no vårt beste for å både ha fokus på smitteverntiltak og restriksjonar, slik at det skal vere trygt å jobbe i Vard.

Skeptisk til arbeidarane

Michael Hansson

Michael Hansson meiner det er feil å hente inn utanlandske arbeidarar no.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Vibeke Frostad bur like ved verftet og ho likar ikkje tanken. Ho trur ikkje leigearbeidarane kjem til å overhalde karantenen.

– Det skjer ikkje at dei berre bli verande i brakkene. Eg er skeptisk, seier Frostad.

Heller ikkje Michael Hansson meiner det er ein god ide. Han har flytta frå bygda til kommunesenteret Vestnes, men er innom lokalbutikken i Tomrefjord i dag.

– Det er feil å hente arbeidarar no, før ein har kontroll på smitten, seier Hansson.

Trur ikkje folk blir redde

Ordføraren i Vestnes, Geir Inge Lien (Sp) meiner innbyggjarane i Vestnes ikkje har nokon grunn til å bli skremde av at så mange kjem frå utlandet til kommunen.

– Dette blir handtert på ein god og trygg måte. Eg er sikker på at dette er i dei beste hender, seier han.