Hopp til innhold

Her skal løparane kjempe om terreng-NM

Denne helga arrangerer Rindal IL både UM og NM i terrengløp. Det skjer i den sesongen idrettslaget er 110 år.

Her skal NM-deltakarane kjempe om tittelen

Arrangøren melder om tørr og fin løype til terreng-NM.

Foto: Tor Jarle Bolme

Det er ikkje første gong Rindal er NM-arrangør. Også i 2001 og 2007 var det NM i det som ellers blir rekna som ein skikommune.

Løypa i år er den same som i tidlegare NM, og også nesten den same som i Trollheimsløpet. Det inneber at løparane skal rundt Tjønna etter å ha starta på Trollbanen, der løparane også kjem i mål.

– Å springe rundt og rundt på ei bane er nok ikkje like idyllisk som å springe rundt Tjønna, meiner Tor Jarle Bolme. Badeplassen og dei fine haustfargane er noko anna å sjå enn ein stadion.

Tjønna og badeplassen i Rindal

Løparane skal passere idylliske Tjønna og badeplassen fleire gongar.

Foto: Tor Jarle Bolme

Stort arrangement

Men om alle tar seg tid til å sjå på naturen under NM på søndag er vel ikkje sikkert. For det er dei beste av dei beste som kjem på besøk.

– Men eg reknar med at mange kjem litt før for å gjere seg kjende med løypa, og da kan det vel vere at dei får med seg litt av naturen rundt, håpar Bolme.

Han er spent på korleis løparane taklar løypa, sjølv om mange av dei har vore der før. Og mange held også eit høgt nivå og taklar det meste.

– Men ikkje alle taklar terreng like godt som bane, og i ei terrenløype må ein vere vel så uthaldande som på bane. For i terrenget går det naturleg nok litt opp og ned, og underlaget er sjølvsagt og eit anna enn tartandekke.

UM og NM er eit stort arrangement, med klasser for begge kjønn frå 15 år og opp til veteran. For senior menn blir det eit felt på over 60 løparar, og der er det fleire kjende namn som stiller.

Favoritt frå Molde

Sondre Nordstad Moen er favoritt

Sondre Nordstad Moen som vann junior-NM i Rindal i 2007 er i år favoritt til å vinne seniorklassen.

Foto: Tor Jarle Bolme

– Sondre Nordstad Moen stiller nok som favoritt, men med sterk konkurranse frå ein åtte-10 andre, meiner Bolme.

Vidar-løparen er tittelforsvarar, og var OL-deltakar på maraton i Rio. Dessutan har han gode opplevingar rundt Tjønna tidlegare, for der vann han junior-NM i 2007. Rindal sjølv stiller sjølvsagt med fleire deltakarar både i denne og dei andre klassene.

Vidar har favoritten også i dameklassa. Men Live Solemdal er eigentleg frå Molde, så her kan det bli lokal vinnar. Ho tok bronse i juniorklassen i 2014.

NM i Rindal er starten på haustsesongen i terrengløp. Seinare går det slag i slag med nordisk i Kristiansand og EM i Italia, skriv kondis.no.

Rindal spelar på lag med vergudane, for lovnaden er frå meteorologane er knall ver også i helga.

– Det kan vere tøft å sjå på at gjørma sprutar når løparane spring, og kondisfantoma ville nok profilert på ei våtare og tyngre løype. Men som arrangør vil vi helst ha det som no. Det gjer førebuingane mykje enklare, og løypa er tørr og fin. Eg trur nok dei fleste løparane også set pris på veret slik det er no.