Hopp til innhold

Europas største selpark tar form

Om ein månad skal seks selar flytte inn på Atlanterhavsparken i Ålesund. Ingen andre i Europa har så stort anlegg.

Selanlegg i Ålesund

Selanlegget i Ålesund er forma slik at det skal vere mest mogleg likt det som er naturleg for selane å bu i.

Einar Wiik

Einar Wiik gler seg til at selanlegget skal opne 24. september.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Det nærmar seg opning av den nye selanlegget på Atlanterhavsparken i Ålesund. Men før selane kan flytte inn skal mellom anna 250 kubikk med sand på plass og mellom 12 og 15 million liter sjøvatn frå havet skal fyllast i dammen.

Selanlegget blir 10 gonger så stort som den nest største selparken i Europa.

– Dette blir Hilton for seks heldige selar vi skal hente frå Lofoten, Tyskland og Sveits, seier selpappa Einar Wiik. Han er akvarist og sjef for selanlegget. No er han mest oppteken av at selane som kjem skal få det godt.

LES OGSÅ:

Selskapssjuke selar

Selar frå Sveits

Dette er selane Nunik og Nuvya frå Sveits, som skal kome til Ålesund.

Foto: Atlanterhavsparken / NRK

Wiik har allereie vore og helst på dei seks selane. Dei to jentene frå Sveits heiter Nunik og Nuvya og er litt over eit år gamle. Frå Tyskland kjem Maike på 1 år og Nele 2 år. I tillegg kjem to gutar frå Lofoten. Den eine har fått namn, den andre skal publikum få vere med å namngi gjennom ein konkurranse.

– Alle selane har ulik personlegdom. Nokre er beskjedne, medan andre er veldig selskapssjuke og nysgjerrige, seier Wiik.

Ville selar på besøk

Selar frå Lofoten

To selar frå Lofoten skal også flytte til Atlanterhavsparken.

Foto: Atlanterhavsparken

Selanlegget er forma som naturen rundt, og skal likne mest mogleg på det som er naturleg for selane. Ikkje så langt unna Atlanterhavsparken bur det ein ganske stor selkoloni, så det er ikkje umogleg at ville selar vil komme og helse på. Ville selar kjem titt og ofte på besøk til området rundt Atlanterhavsparken.

– Selane som skal vere her har levd i fangenskap gjennom generasjonar og ville truleg ikkje ha greidd seg ute i det fri. Men vi vil prøve å etterlikne livet i det fri så mykje som mogleg, seier Einar Wiik.

Difor blir det ikkje leik med fargerike ballar eller selshow slik som andre stader i verda. Derimot skal publikum få kome tett på når selane vert mata.

Selanlegget er Atlanterhavsparken si største satsing sidan opninga i 1998.