Hopp til innhold

40 journalistar dukka opp då den norske makrellen kom til Japan

Fire tv-kanalar og eit stort pressekorps stod klare då den aller første leveransen med fersk norsk makrell landa i Tokyo. – Det var heilt sjukt, seier norsk utsending.

Første ferske makrellen kjem til Japan

HISTORISK: Fredag stod eit enormt presseoppbod klar for å ta imot den aller første norske ferskmakrellen til Japan.

Foto: Johan Kvalheim / Norges sjømatråd

«Hatsu-mono» er eit japansk uttrykk som betyr første innhausting. For japanarar har det stor verdi å få tak i det aller tidligaste som kjem av ein sesongvare, det blir sagt at ein kan forlenge livet.

Det kan vere ein av grunnane til at den sushi-nasjonen no vil ha importert fersk makrell, i tillegg til dei rundt 260.000 tonna med frosen makrell dei allereie et i året. Nesten halvparten kjem frå Noreg.

Der blir den makrellen sett på som ein ekslusiv vare, i stor kontrast til det mange nordmenn er vande med, frå boks med tomatsaus til å ha på brødskiva.

Første ferske norske makrell i Japan.

Det er første gong det blir levert fersk norsk makrell til Japan. Frå før av leverer Noreg ca. 120.000 tonn frosen makrell kvart år inkludert dei som går via andre land.

Foto: Norges sjømatråd

Frå Bud til Tokyo

Måndag blei den første leveransen sendt frå fiskemottaket Vikomar på Romsdalskysten, før den blei møtt av eit gedigent presseoppbud i Tokyo nokre dagar etterpå.

– Det var heilt sjukt. Vi sat etterpå og tenkte «kva i alle dagar har vi vore med på», seier Johan Kvalheim, Norges sjømatråd si utsending i Japan.

John Kvalheim og fersk norsk makrell i Japan.

Johan Kvalheim frå Norges sjømatråd med kokk og flyvertinner. Han hadde ikkje sett føre seg at japanarane skulle gå så «bananas»

Foto: Norges sjømatråd

Etter at makrellen hadde møtt eit presseoppbod som liknar det ein president kan forvente, blei den kontrollert, tilberedt og servert til journalistane av flyvertinnar.

– For omdømet norsk sjømat og makrell er dette veldig viktig. Makrellen er ikkje blitt så kjent som den norske laksen, men no treffer vi ein nisje med gastronomikarar som kun er ute etter å smake det første frå kvar sesong. Japanarane er ekstremt interessert i dette, seier Kvalheim.

Han fortel at ideen kom frå ein av dei 20-30 japanske inspektørane som bur i Noreg kvar sesong. Inspektøren elskar allerie den frosne makrellen, og berre «måtte» prøve å få den dit fersk.

Les også: – Sensasjonell makrellfiske i august

Kresen marknad vil ha feit fisk

I Japan et «alle» makrell ein gong i veka, ifølgje importøren. Dei er veldig glade og letta over å endeleg få den ferske leveransen til Tokyo.

– Norsk makrell er feitare, og det gjer smaken veldig god. Den er kjent blant alle japanarar. Den ferske er annleis og har godt potensial til å selje veldig bra, seier Jin Masuda i importøren Jalux.

Første ferske norske makrell til Japan, her sendt fra Vikenco på Aukra.

Makrellen frå norskehavet blei pakka om på Vikenco i Aukra før det blei sendt vidare til Japan.

Foto: Jalux
Her blir den første norske ferkse makrellen vist fram i Japan.

Fisken blir nøye kontrollert etter landing, mens fleire TV-kanalar filmar det heile.

Foto: Norges sjømatråd
Makrell i Japan

I eit rom fullt av journalistar blir makrellen servert i diverse rettar, av flyvertinner. Grunnen er at den skal bli servert som flymat på første klasse.

Foto: Norges sjømatråd
Makrell i Japan

Lanseringa blei kalt «Saba Nouveau», som rett og slett betyr ny makrell. Namnet spelar på liknande lanseringsarrangement som dei til dømes har når det kjem ny vin.

Foto: Norges sjømatråd

Japan er eit kresent marknad som vil ha den feitaste fisken som smakar best. På grunn av overfiske har den japanske makrellen ein fettprosent på åtte til ti, mens den norske ligg på rundt tretti, ifølge Brødrene Sperre, som har levert fisken.

– Dette kan vere med på å opne auga for fersk makrell og auke den norske marknaden, seier Ole Kristoffer Nore, eksportsjef for Asia i Brødrene Sperre i Ålesund.

Ferdige tilbredte makrellrettar.

Dette var nokre av rettane som blei laga til i Tokyo fredag. Makrellen går ut til supermarknader og blir brukt til måltider på første klasse i Japan Airlines.

Foto: Sjømat Norge

Dei er i ferd med å utvide mottaket på Vikomar i Romsdal med ein ny avansert filetfabrikk og reknar med at dei snart blir den største makrellprodusenten i landet.

– Det er kanskje den fisken som har mest potensiale. Går du på gode restauranter i Oslo, Bergen eller store Michelin-restaurantar i Europa, er det alltid ein makrell, og den er nesten alltid norsk, seier Nore.