Hopp til innhold

Her kjem Ålesunds nye utkikksplass

Når dei nye trappene opp til Fjellstova i Ålesund står klare neste vår, vil ein ny attraksjon prege det populære landemerket.

Fjellstova

UTKIKKSPLASS: Like ved dei gule treplatene skal den nye utkikksplassen pryde trappene opp mot Fjellstova.

Foto: Steven Bendal

Frå og med neste år vil eit nytt utkikkspunkt prege Fjellstovetrappene, ca 90 meter over havet.

Det er med stort engasjement at Bendal fortel om den nye utkikkspunktet. Frå Byparken i Ålesund viser han kor den nye attraksjonen skal stå.

– Det vert ei plate med glasveggar som vil henge eit stykke ut ifrå trappa, om lag førti meter over byparken. Så det blir god utsikt over heile byen og nesten halve Sunnmøre, fortel ein engasjert Steven Bendal, prosjektleiar i Ålesund kommune.

Spanande utsikt

Fjellstovetrappene er med sine 418 trappetrinn eit av dei største turistmåla i Ålesund. Turen opp er spektakulær og vakker, noko entreprenøren har valt å utnytte ved å plassere utkikkspunktet ved trappa sitt luftigaste punkt.

Svevet Ålesund

PLANLAGT: Slik vil det nye utkikkspunktet sjå ut.

Foto: Ålesund kommune

– Utsikta utover byen og parken blir fantastisk. Det vil vere ein god plass for å ta bilete både for turistar og lokale. Så vi håper at mange vil stoppe der for å nyte utsikta, fortel Bendal.

Trollstigen og Geiranger er blant dei andre stadane i fylket som har slike utkikkspunkt, og no er det altså Ålesund sin tur. Det nye utkikkspunktet er plassert på eit forholdsvis bratt punkt i trappa, og kan by på høgde og eit sug i magen. Men kommunen har også eit ynskje om å gjere plassen meir tilgjengeleg.

– Slik trappene har vore til no har det vore vanskeleg å stoppe fordi det har vore så smalt. Då kan det vere greitt å ha ein plass der folk kan gå forbi eller berre stoppe for å ta ei pause, seier Bendal.

Namnekonkurranse

No står berre det store spørsmålet att. Kva skal det nye utkikkspunktet heite? Ålesund kommune har difor utlyst ein namnekonkurranse for det nye utkikkspunktet.

Steven Bendal

SPENT: Steven Bendal gler seg til å sjå det ferdige resultatet.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Det har vore ein del diskusjonar om kva plassen skal heite, så vi bestemte oss for at byens borgarar skal få avgjere det, seier Bendal.

Alle som vil kan difor sende inn sine forslag til Ålesund kommune fram til 10. oktober.

Ein jury som består av byhistorikar Harald Grytten, bypatriot og museumsmann Einar Gustafsson, Ingvild Yri frå Nordplan, leiar for veg, anlegg og park i kommunen, Oddvar Kongsvik og rådmann Jarle Bjørn Hanken skal kåre vinnaren som blant anna får vere med på opninga av utkikkspunktet.

Ei forbetring

Heile trappa skal vere klar for gjenopning i mai neste år dersom alt går etter planane. Bendal meiner Fjellstovetrappene er ein av dei viktigaste attraksjonane i Ålesund, og håper alt vil vere klart til turistsesongen neste år.

Svevet Ålesund

PLANLAGT: Slik vil det nye utkikkspunktet sjå ut.

Foto: Ålesund kommune

– Trappene er ein av tinga som er med på å definere Ålesund, og som mange snakkar om etter å ha vitja byen, seier han.

Vegen opp til Fjellstova var i svært dårleg stand då arbeidet starta tidlegare i haust. Geologar som utforska staden var tydeleg på at trappene enten måtte stenge eller renoverast. Bendal trur renoveringa vil føre til ei forbetring av trappene.

– Vi vil føre trappene tilbake til det dei ein gong var, berre enda betre. Nye lys skal vise vegen oppover fjellsida og det skal bli ein finare sti. Og ikkje minst tryggare, det skal bli mykje tryggare å gå der.

fjellstove

PARKEN: Frå Byparken i Ålesund kan ein sjå kor den nye utkikksplassen skal stå.

Foto: Silje Bjerknes / Nrk