Hopp til innhold

Her kan du spele fotball som ein proff

Idrettslaget på Stranda er heilt oppe på eliteserienivå når det gjeld å avvikle fotballkampar.

Idrettslaget på Stranda er heilt oppe på eliteserienivå når det gjeld å avvikle fotballkampar.

SJÅ TV-SAK: På Stranda fotballstadion kan spelarane føle seg som tippeligaspelarar. (Foto/redigering: Remi Sagen).

– Test, test, hallo hallo. Speaker på Stranda stadion, Per Tronsen, testar mikrofonen før kampstart.

Idrettslaget på Stranda har blitt proffe når det gjeld å avvikle fotballkampar. Med speaker, innmarsj til musikk og opprop av spelarane er det duka for stas å spele på Stranda stadion.

Ein heim nummer to

For Per Tronsen har Stranda stadion blitt hans andre heim.

Per Tronsen

SPEAKER: Per Tronsen trivst godt som speaker på Stranda stadion.

Foto: Remi Sagen / nrk

Utanfor speaker teltet heng han opp det norske flagget, det er snart klart for kamp. Totalt 130 kampar har det blitt spelt her denne sesongen.

– Ein skulle trudd at det var eit ork å kome opp hit, men eg gler meg stort sett kvar gong. Eg er her omtrent kvar dag også, seier ein lattermild Tronsen.

Resultattavla må også opp, det nærmar seg avspark. Arrangementsstaben på Stranda gjer alt dei kan for å skape ei god ramme rundt kampane.

– Det er viktig for oss at spelarane har det kjekt, seier Tronsen.

– Følte meg som ein tippeligaspelar

Fotballspelarane går i tur og rekke ut på bana, og så er kampen i gong. 14-åringane frå Stranda scorar mest. Likevel er dette ei oppleving for livet for spelarane frå nabokommunen Sykkylven.

– Eg tykte det var kjempekult, det fekk meg til å føle meg som ein tippeligaspelar, seier John Eirik Drege Hjorthol frå Sykkylven fotballklubb.

Foreldra setter også pris på innsatsen til arrangementsstaben.

– Dei får både innmarsj og blir ropt opp før kampstart. Vi ser tydeleg at spelarane liker det, seier Synnøve Solheim.

Oppe i speaker teltet rapporterer Tronsen stillinga. Personleg er han ikkje så opptatt av stillinga.

– Tap og vinn med same sinn seier eg. Det er dette som er kjekt, seier Tronsen og ler.

Stranda fotballklubb

ARRANGEMENTSSTAB: Arrangementsstaben på Stranda gjer alt dei kan for å skape ei god ramme rundt kampane.

Foto: Remi Sagen / nrk