NRK Meny
Normal

Her kan du overnatte gratis

På fjellet Goaldet (491 moh.) på Lepsøya får du ikkje berre ei flott naturoppleving, du kan også overnatte i ei lita hytte der heilt gratis. Får du ikkje plass, kan du snart oppleve noko liknande på naboøya Longva.

Hytte på Lepsøya i Haram kommune

I ei lita steinhytte rett under toppen av fjellet Goaldet kan du sjekke inn utan å snakke med nokon eller betale noko. Enkel standard, men utsikta er formidabel.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Det kan kjennest tungt å gå opp dei bratte bakkane til Goaldet på Lepsøya når sekken er fylt av både sovepose, liggeunderlag, mat, ved, litt vatm og kanskje ei god bok. Men går du opp ein fin sommardag er det verdt det, det kan eg love deg.

Jannicke Farstad på tur

Reporter Jannicke Farstad har fylt opp sekken med det som trengst til å overnatte. Planen er å sjekke inn i den gratis hytta rett under toppen av fjellet.

Foto: Pia Louise Farstad / NRK

Utsikta mot havet og Sunnmørsfjella er godt kjent for meg frå før fordi eg er på heimlege trakter, men det er noko heilt anna eg vil sjekke ut. For eg veit her er ei hytte like under fjellet der eg kan overnatte heilt gratis, og no vil eg teste den ut.

Gå til forsiden

Solnedgang på toppen av Goaldet

solnedgang

Solnedgang på toppen av Goaldet

6 bilder

Etter cirka 40 minutts gange frå foten av fjellet kjem ein opp på toppen. Ein fin sommardag i midten av juli går sola ned i havet rundt midnatt, og da får ein godt betalt for turen opp.

    Bygd på dugnad

    Den vesle steinhytta ser mest ut som ein stor stein som ligg under fjelltoppen. Men går man litt nærare ser man ei lita steinhytte med torvtak.

    Hytte på fjellet Goaldet

    Den vesle steinhytta har ikkje toalett eller vatn innlagt. Her er det snakk om å få tak over hovudet, varme frå ein omn og eit tre-golv å overnatte på.

    Foto: Jannicke Farstad / NRK

    Mandor Seth som har bygd hytta i lag med sonene sine. Han er ein av dei mest ivrige på dugnad på Lepsøya, ei øy der dugnadsånda står sterkt.

    Mandor Seth

    Mandor Seth bruker hytta regelmessig, og vil at andre og skal gjere det.

    Foto: Jannicke Farstad / NRK

    Han seier han håper at hytta skal vere ein plass der folk kan kome og gå som dei vil.

    – At folk kan kome å drikke kaffi og kose seg når ein er på tur, og gjerne overnatte og. Det har eg og kona mi gjort mange gonger seier han. Ingen veit sikkert kor mykje hytta blir brukt, for her kan ein kome og gå som ein vil.

    – Har det skjedd at folk har kome for å overnatte og så er der allereie folk?

    – Det heldt på å skje no, seier han med eit smil. For eg og kona mi hadde tenkt å gå opp for å overnatte i kveld, men så kjem du og seier at det er dine planar og.

    Eg får førsterett, men tenkjer at det kan vere greitt å ha ein plan B om andre opplever det same. For eksempel reise til øya så tidleg at ein veit at det framleis går ei ferje tilbake om andre har lagt ut soveposen sin før deg.

    Gå til forsiden

    Her kan man lett bli inspirert til å ville ta fleire turar

    Det står ikkje på utsikta frå soveplassen på hytta

    Her kan man lett bli inspirert til å ville ta fleire turar

    12 bilder

    Inne på hytta er der ein omn og kaffikjele. Der er eit lite bord og nokon benker ein kan sitje på. Og så er der plass til at eit par personar kan sove til med liggeunderlag og sovepose.

      Inspirert av dugnadsånda på Lepsøya

      Også på nabo-øya Longva (Haramsøy ligg imellom) kan du snart besøkje og gjerne overnatte på ei hytte på fjellet heilt gratis. Her er ivrige pensjonistar i gang med å byggje Skulebua.

      Dugnad på fjellet Skulen på Longva

      Fire av dei fem medlemmane i Skulebunemnda rett etter at helikopteret har frakta opp all steinen som skal leggast rundt hytta. F.v.: Arnfinn Flem, Kåre Flem, Jan Arne Longva, Knut Flem.

      Foto: Knut Flem / privat

      12. August skal dei opne det som skal bli ei dagstur-hytte der folk også kan overnatte om dei ønskjer det. Arnfinn Flem seier dei har blitt inspirert av den sterke dugnadsånda på Lepsøya.

      Skulebua

      Kåre Flem monterer bildeplatene som fortel kva ein ser ut gjennom vindauga.

      Foto: Knut Flem / privat

      – Vi har sett kor mykje trivsel som har kome av den sterke dugnadsånda på Lepsøya, og no ønsker vi også å skape enda meir trivsel på øya her og, seier han. Dei håper mange vil ta turen til fjellet Skulen for å besøkje hytta i haust.

      Du kan lese meir om skulebua på www.nordoy.net/skulebua