Hopp til innhold

Her kan det bli større snøskredfare

Det er varsla moderat skredfare i Møre og Romsdal i påska. Laurdag kan Sunnmøre få større nedbørsmengder enn resten av fylket, noko som kan forandre situasjonen.

Skredkurs i Ørsta

I Møre og Romsdal er det no moderat snøskredfare. Det kan endre seg i helga.

Foto: Remi Sagen / NRK

Inn mot palmehelga ligg snøskredfaren på nivå 2 i Møre og Romsdal, noko som betyr moderat fare. Det kan endre seg i løpet av helga. Laurdag kveld er det meldt sterk kuling utsette stader. På Sunnmøre vert det regn og snø i fjellet.

– Det er usikkert kvar lågtrykket treff, så Sunnmøre kan få meir nedbør enn Nordmøre og Romsdal, seier Solveig Øvstedal Kosberg. Ho er snøskredvarslar ved NVE.

LES OGSÅ:

Teikn på skred

I påska er det endå fleire folk enn vanleg som skal ut i fjellet og kvar ettermiddag oppdaterer NVE skredvarselet på nettsida varsom.no. Tommelfingerregelen er at det kan losne skred i fjellsider med 30 grader helling.

– Ser du at det har gått ferske skred, er det tydelege teikn på at det er skredfare. Dersom du i tillegg høyrer drønn i snødekket eller at det sprekk opp rundt skia dine, betyr det at eit flak kan skli ut, seier skredvarslaren.

Nysnø på toppen

I Møre og Romsda er det mykje snø i fjella over 300–400 meter og generelt har det vore mykje vind denne sesongen.

– Det gamle snødekket er bra stabilt. Det som ligg på toppen og som gjerne er flytta på av vinden, er det som utgjer problemet, seier Øvstedal Kosberg.

Ho oppmodar folk om å bruke varsom.no til å planlegge skituren.

Inn mot palmehelga er det moderat snøskredfare i Møre og Romsdal

Solveig Øvstedal Kosberg om skredfaren.