Hopp til innhold

Det kan bli dyrare ferjebillettar og færre avgangar

Det brygger opp til nytt ferjeopprør langs kysten. Pengemangel kan føre til bortfall av ei rekkje avgangar. Pendlar Per Arne Nygård er kritisk til reknestykket.

Per Arne Nygård på ferja

Per Arne Nygård pendlar med ferje i sambandet Årvika-Koparneset. Her blir det flest kutt dersom forslaget til fylkeskommunen blir vedteke.

Foto: privat

Rasande pendlarar og øybuarar protesterte mot dyrare ferjebillettar i vinter. No foreslår Møre og Romsdal fylkeskommune å droppe ferjeavgangar i ei rekkje samband for å spare 20 millionar kroner. Det skaper sterke reaksjonar.

Per Arne Nygård frå Fiskå i Vanylven er avhengig av ferje for å kome seg på jobb. No kan ferjesambandet miste seks avgangar på kvardagane og 20 i helgane. Han er sjokkert over forslaget og tvilar på at det monnar på økonomien å kutte ferjeturar her og der.

– Eg vil sjå reknestykket. Eg trur det er temmeleg lite å tene inn. Kanskje sparer ein 10 liter med drivstoff. Mannskapet skal jo vere om bord og dei skal jo ha løna si uansett, seier Nygård.

Når båten ligg ein halvtime på tomgang fordi avgangen er droppa, brukar den også drivstoff. Utan å vere ein ekspert tippar Nygård at innsparing dermed berre er på rundt 10 liter med diesel per tur.

Kuttar der det smertar minst

Jesper Wiig i Fram

Jesper Wiig er seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Foto: Remi Sagen / NRK

Seksjonssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Jesper Wiig, seier at dei vil skjerme dei reisande mest mogleg, men at det med så store innsparingar er umogleg å få til utan at nokon vil merke det.

– Kutta er lagt til tidene med færrast reisande eller der det er venta å gi minst negative verknaden, uttalar Wiig. Han vedgår at det er lite å spare på å redusere talet på avgangar midt på dagen sidan ferjene då må ha full bemanning.

Kvifor foreslår de å redusere enkeltavgangar dersom det er lite å spare på det?

– Vi må gjere kutt mange stader. Det er omfattande å redusere med 20 millionar i 2021 og ytterlegare 10 millionar året etter, seier Wiig. Det gir størst innsparing dersom ein reduserer opningstida til ferjesambandet. Det betyr å starte seinare på morgonen og slutte tidlegare på kvelden.

Forslaget er no ute på høyring.

Trur prisane vil auke

Kristin Sørheim

Kristin Sørheim (Sp)

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Politikarane har kravd meir pengar frå staten fordi dei meiner ferjene er dyrare å drive enn det dei får kompensasjon for. Staten har så langt ikkje innfridd kravet.

Fylkestinget reduserte billettprisane under korona-nedstenginga med 20 prosent og gjekk ned to takstsoner, men no trengst desse inntektene neste år.

Leiar i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim, trur det vil kome eit forslag om å auke ferjeprisane igjen.

– Om det ikkje kjem pengar på statsbudsjettet vil det truleg kome forslag om både auka prisar og kutt i tilbodet, seier Sørheim.

Opprøret blussar opp att

Joachim Orvik, leiar for ferjeaksjonen.

Joachim Orvik trur det kan bli oppbluss i ferjeopprøret etter kuttforslaga.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Joachim Orvik starta ferjeopprøret i Møre og Romsdal då politikarane vedtok å auke billettprisane. Han likar ikkje at innbyggjarane og næringslivet nok ein gong skal bli ramma.

– Det kjennest ut som at ferjeopprøret er i ferd med å blusse opp att. Det er langt frå over, seier Orvik. Han er bekymra og meiner det er uakseptabelt å kutte i tilbodet.

Også varaordføraren i Molde, Odd Helge Gangstad er sterkt provosert over kuttforslaget.

– Øysamfunna toler ikkje å få dårlegare rutetilbod og dyrare billettar. Konsekvensen kan bli fråflytting, seier Gangstad.

Han vil ha med seg resten av kystkommunane og fylkeskommunen på eit nytt ferjeopprør.

Brannmann må fort heim

Per Arne Nygård fryktar at han mister fleksibiliteten med færre ferjeavgangar. Det blir vanskelegare å starte seinare på jobb eller avslutte tidlegare.

I tillegg til jobben på lageret ved Ulstein verft, går han i ein turnus som befal i brannvesenet. Går alarmen i heimbygda, må han raskt kome seg til ferja.

– Det er dyrbar tid dersom eg skal stå og vente ein halvtime på at ho går, seier Nygård.