Hopp til innhold

Her jublar dei for Ada: – Heilt sjukt og magisk

SUNNDAL/ÅLESUND: Ingen av dei norske landslagsspelarane gratulerte Ada Stolsmo Hegerberg offentleg då ho vann gullballen. I heimbygda Sunndal er dei derimot berre stolte av sambygdingen sin.

Mali og Hanna Bråten Graven

HAR ADA SOM FØREBILETE: Mali og Hanna Bråten Gravem er to av mange lovande jentespelarar i Sunndal.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det er ein isfront mellom nybakt gullballvinnar Ada Stolsmo Hegerberg og store delar av fotball-Norge.

Ingen av landslagsspelarane har gratulert Hegerberg offentleg etter at ho vart kåra til verdas beste fotballspelar. Landslagssjef Martin Sjögren har ikkje hatt kontakt med Hegerberg på over eitt år.

Sunndal

DAGEN DERETTER: Ada Stolsmo Hegerberg vann gullballen i fotball måndag kveld. Tysdag heiste dei flagget frå rådhuset i heimbygda Sunndal.

Foto: Roar Strøm / NRK

Stemninga er ei heilt anna i Hegerberg si heimbygd Sunndal. Der heisa dei flagget for gullballvinnaren frå rådhuset tysdag.

– Det var veldig stort då Ada fekk prisen, men det var ikkje overraskande. Det var derimot fullt fortent, seier Eirin Melkild Loe, som sjølv har vore ein talentfull spelar.

– Det er heilt sjukt at nokon frå Sunndal kan bli verdas beste. Det er heilt magisk. Dette viser at alt er mogleg, seier tvillingane Mali og Hanna Bråten Gravem (14), begge ivrige fotballspelarar i Sunndal.

Hegerberg-søsterene som barn (Andrine til venstre, Ada til høyre)

IVRIGE: Andrine (til venstre) og Ada Stolsmo Hegerberg som born.

Foto: Privat

– Ekstrem treningsvilje

Den rutinerte trenaren Jarl Torske er i likskap med Ada Stolsmo Hegerberg frå Sunndal, og har dessutan hatt for ansvaret for den ferske gullballvinnaren på aldersbestemte landslag.

– Ada har ein ekstrem treningsvilje. Ho er eit treningstalent og ein vinnarskalle som har jobba målretta gjennom mange år, seier Torske.

Allereie då Hegerberg var 16 år tok Torske henne opp på U19-landslaget.

– Eg såg allereie då at ho var eit unikt spisstalent. Ho jaga mål og var oppteken av å prestere og å vinne, fortel Torske.

SOCCER-BALLON/

GULLBALLEN: Måndag kveld vart Ada Stolsmo Hegerberg den første vinnaren av gullballen for kvinner.

Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

Fleire frå Sunndal

Også Guro Reiten, som i helga vart kåra til den beste spelaren i Toppserien, er frå Sunndal. Plussar vi på søstera til Ada, Andrine Stolsmo Hegerberg, har industribygda på Nordmøre fostra tre toppspelarar i løpet av vel to år.

– Sunndal er ein klubb som tidleg la til rette for jentefotball. Det er nedfelt i styret. Miljøet er unikt. Så var det nokre spesielt gode generasjonar som trena mykje, og trena også mykje saman med gutane, fortel Jarl Torske.

Jarl Torske

STOLT: Jarl Torske legg ikkje skjul på at han er stolt etter at Ada Stolsmo Hegerberg vann gullballen. – Dette er ein stor dag for norsk fotball, seier Torske, som har vore landslagstrenar både på seniornivå og for aldersbestemte lag.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Kan vi vente oss endå fleire toppspelarar frå Sunndal?

– Klart, slike generasjonar kjem ikkje ofte. Det er ein god generasjon med 13-14-åringar som kjem opp no. Eg trur det kjem fleire gode spelarar, om enn ikkje på det same nivået som Ada og Guro.

Styreleiar i Sunndal IL Fotball, Ivar Furu, bekreftar at miljøet i klubben har vore heilt spesielt med omsyn til kvinnefotball.

– Mange jenter spelte fotball. Det resulterte i ei ekstrem breidde. Det motiverte mange ekstra. Laga våre vann til dømes Norway Cup fleire år på rad, seier Furu.

Og kallar både Hegerberg og Reiten for fenomenale ambassadørar.

Guro Reiten

BEST I NORGE: Guro Reiten vart helga som var kåra til den beste spelaren i Toppserien av NISO.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix