NRK Meny
Normal

Her hoppar elevane for betre helse

I dag gjekk startskotet for Nasjonalforeininga for folkehelse si landsdekkande hoppekonkurranse «Hopp for hjartet» i Møre og Romsdal.

– Det nyttar ikkje å få ein 40-åring opp av sofaen. Det er viktig å legge grunnlaget for eit aktivt liv tidleg i barndomen, seier Lill Janet Kristiansen i Nasjonalforeininga for folkehelse.

Lill Janet Kristiansen

MEIR AKTIVITET BLANT ELEVANE: Lill Janet Kristiansen i Nasjonalforeininga for folkehelse tykkjer det er viktig å legge grunnlaget for eit aktivt liv tidleg.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Dei vanane som barna får når dei er unge, følgjer dei som regel gjennom heile livet, held ho fram.

«Hopp for hjartet» arrangerast for niande gong i år, og totalt 114 200 elevar i fjerde til sjuande klasse deltek i konkurransen. Klassa som brukar mest tid på å hoppe tau, vinn.

Gjennom hoppetaukonkurransen får elevane eit enkelt aktivitetstilbod, samtidig som det blir fokusert på kor viktig fysisk aktivitet er for helse og god læring.

Stor lokal deltaking

I Møre og Romsdal deltek 7 717 elevar ved 113 skoler i konkurransen, som skal bidra til å motivere elevane til ein meir aktiv skolekvardag.

På Blindheim skapte klar himmel og strålande sol perfekte hoppeforhold, og lyden av tau som trefte bakken kunne høyrast over heile skuleplassen.

På barneskulen var elevane motiverte for konkurransen. Blant dei mange hoppande elevane var Karoline, Trym, Josefine og Thea, som alle synast det var kjekt å hoppe tau.

– Det er gøy! Og så kan vi vere aktive medan vi har det kjekt. Og så kan alle delta, seier Karoline.

Josefine og Thea var samde.

Blindheim barneskule

KJEKT Å HOPPE: Elevane Josefine, Thea og Trym tykkjer det var kjekt å hoppe tau.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Alt med å hoppe tau er kjekt. Det er veldig morosamt, seier dei to jentene.

– Og så held eg meg i form, skyt ein lattermild Trym inn.

Kreativ hopping med tau

Til stor applaus frå publikum viste dei ulike klassene fram talenta sine, både med og utan tau. Kristiansen var imponert over elevane.

– Det var kjempeflott. Det er utruleg kva dei får til, dei imponerer meg kvart år. Det viktigaste er at dei er i aktivitet.

Satsinga skal bidra til å auke aktiviteten blant elevane. Helsemyndigheitene anbefaler ein times fysisk aktivitet kvar dag, og Kristiansen trur konkurransen vil bidra til å innfri kravet.

– Dei kan hoppe aleine eller saman. Det er aktivt, sosialt og morosamt seier Kristiansen.

Perfekt aktivitet

Rektor

STARTSKOT: Rektor Kenneth Gunnar Skårn teljar ned til startskotet.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

På Blindheim barneskule har dei deltatt på arrangementet dei fem siste åra, og rektor Kenneth Gunnar Skårn tykkjer det er viktig at elevane er aktive.

– Vi ser at fysisk aktive barn lærer lettare, og alle tiltak som stimulerer til meir fysisk aktivitet er positive.

Ifølgje Skårn er tauhopping den perfekte aktiviteten.

– Du brukar heile kroppen, det er motorisk trening og koordinasjon, så det er mange ting som har betydning for barn si utvikling og læring, seier rektoren.

Konkurranse som motivasjon

Skårn trur konkurransedelen gjer at elevane gir ein ekstra innsats.

– Det treng ikkje vere store premiar, men eg trur konkurranse bidreg til å motivere elevane litt ekstra. Litt konkurranse er berre positivt, seier Skårn.

Kristiansen var einig.

– No blir det ein meir samla aktivitet, der alle stiller opp og gjer sitt beste.