NRK Meny
Normal

Her har valet starta allereie

I ni kommunar i Møre og Romsdal starta valet i dag. Dei har valdag både søndag og måndag. Dagny Gulla frå Kristiansund synest ikkje det var enkelt å bestemme seg for kven som skulle få hennar stemme.

Valet har starta i Kristiansund

Mange stader hart valet allereie starta. Blant anna i Kristiansund.

Foto: Roar Halten / NRK

Vallogo
Dagny Gulla i valkø

Dagny Gulla meiner det er viktig at alle brukar stemmeretten sin. I dag gjorde ho borgarplikta si.

Foto: Roar Halten / NRK

Det var mange frå Kristiansund som valde å møte opp på Folkets hus for å stemme i ettermiddag. Innbyggjarane i byen får bruke både søndag og måndag til å stemme. Ei av dei som gjorde borgarplikta si, var Dagny Gulla.

– Det er no vi har moglegheit til å vise kva vi meiner og derfor er det viktig at alle som kan, stemmer, seier Gulla.

Vanskeleg val

Men å bestemme seg for kven som skulle få hennar røyst, var ikkje enkelt.

– Det var ikkje sjølvsagt kva eg skulle velje, men eg har tenkt ei stund, seier Gulla.

Ho er ikkje lojal til etit parti, men varierer ut ifrå kvar saker som er viktige.

Skifta parti

Anna Lamens i vallokalet

Anna Lamens stemde annleis i år enn ho har gjort før.

Foto: Roar Halten / NRK

Også Anna Lamens har brukt søndagen til å putte stemmesetelen i urna ved Folkets hus.

– Som regel har eg vore trufast mot eitt parti, men i år har vore illojal. Eg prøver noko nytt, ler Lamens.

Ho har brukt fleire ulike valgomatar for å finne ut kva parti som passar best med hennar meiningar.

Her kan du prøve NRK sin valgomat

I Møre og Romsdal er det desse kommunane som har to valdagar:

  • Kristiansund
  • Molde
  • Surnadal
  • Sunndal
  • Nesset
  • Fræna
  • Eide
  • Tingvoll
  • Ørsta