Hopp til innhold

60 mann på dugnad for å halde barneskirenn

Medan skirenn i heile Midt-Noreg vert avlyst på grunn av snømangel, sørga dugnadsånd for god glid på gamal snø i Rindal.

Trollstafetten

Slik såg det ut då gutar 8–10 år skulle starte.

Foto: Tor Jarle Bolme

Marius Jonli

Marius Jonli var ein av deltakarane i stafetten.

Foto: Tor Jarle Bolme

Onsdag kveld gjekk Rindals Trollstafett av stabelen med 81 lag som stilte til start. Snøen dei gjekk på er brukt og gjenbrukt mange gongar, for det har knappast vore nedbør sidan desember.

– Vi har fresa den same gamle snøen for «nte» gong, seier Håkon Solvik. Han er leiar i skigruppa i Rindal.

Henta snø

Ca 60 mann jobba på dugnad for å klargjere løypene før stafetten. Dei henta snø frå vatnet Igltjønna og frakta det til traseen.

Rindal likar å kalle seg skibygd og har ei lang skihistorie bak seg med OL-deltakarar og verdsmeistrar. Med stadion midt i sentrum har dei mange aktive langrennsløparar i barneklassene.

Håkon Solvik

Håkon Solvik seier at det er mykje jobb å halde oppe renommeet som skibygd.

Foto: privat

Ikkje fokus på talent

– Tel vi talet på dugnadstimar er det dårleg betalt i høve inntektene vi får inn, men det må til for å halde oppe renommeet vårt som skibygd, seier Solvik.

Han er levande oppteken av at flest mogleg barn skal ha lyst til å gå på ski.

– Det er berre fabelaktig kor mange barn som har vore aktive dei siste åra, seier Solvik. Han likar ikkje å snakke om talent ute i skiløypene. Fokuset er slett ikkje på dei som merkar seg ut, men å i eit breitt tilbod til alle som likar å gå på ski.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL