Hopp til innhold

Her hamnar silda du ikkje vil ha

I år fangar norske fiskarar over 300 tusen tonn norsk vårgytande sild. Men ein forsvinnande liten del hamnar på norske matbord.

Norsk sild i Egypt

SILDEMARKNAD I EGYPT. Dette biletet er teke av dåverande forskar Finn-Arne Egeness hos ein fiskehandlar i Egypt. Her står det kasser på kasser med salta og røykt norsk sild.

Foto: Finn-Arne Egeness / Nofima

No i vinter er det så mykje sild i havet at enkelte fartøy ikkje treng å fiske for å få fangst. Nokre av båtane får så mykje sild at dei må tilkalle andre båtar som får forsyne seg.

– Det er så mykje sild her at vi må pumpe deler av fangsten over i ein annan båt, seier Einar Nymark, på ringnotbåten Vestbris.

Store sildefangster på Mørekysten gjer at enkelte båtar ikkje får plass til all fangsten sjølv, og må tilkalle hjelp frå andre båtar.

Sildebåtane på mørekysten får enorme fangstar. Dette er frå ringnotbåten «Vestbris».

– Likar ikkje sild

På dette kastet får «Vestbris» 220 tonn sjølv og nabobåten får ta resten på 50 tonn. Men knapt ei einaste av denne silda hamnar som mat til norske forbrukarar. Under éin prosent av silda går til mat i Noreg.

– Eg er ikkje så glad i sild, eg likar ikkje smaken. Men eg veit det er andre som er veldig glad i sild, seier Grethe Sørum denne vakre vinterdagen i Ålesund.

Grete Sørum

Grete Sørum er blant dei mange som slett ikkje brukar å servere sild på middagsbordet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Viktig for egyptarane

99 prosent av silda hamnar i utlandet. Polen, Tyskland og Egypt er dei tre landa som tok i mot aller mest norsk sild i 2017.

Sjømatanalytiker Finn-Arne Egeness i Nordea Bank

Sjømatanalytikar Finn-Arne Egenes har forska spesielt på den egyptiske marknaden for sild.

Foto: Nordea Bank

– Silda er blitt ein viktig del av kosthaldet i Egypt, særleg når prisane på sild har vore låge. Egyptarane saltar og røykjer silda, seier Finn-Arne Egeness, analytikar i Nordea Bank.

I Egypt blir silda ofte seld av spesialforhandlarar. Der står det kasse på kasse med salta og røykt sild. Forbrukaren kjøper silda til ein relativt rimeleg penge, og så er det heim og tilberede silda saman med eit stykke brød og gjerne med tomatar til.

Ramadan

I samband med ramadan er silda ekstra ettertrakta. Då tilbereder også dei velståande silda i meir avanserte rettar, fortel Egeness.

– Når sola har gått ned går det store mengder sild. Silda er næringsrik. Også når ramadan er slutt gir silda eit godt proteintilskot, seier han.

– Mange blei lei

I heile Noreg sto sild på menyen som kvardagskost for nokre tiår sidan. No er sild blitt mat for dei spesielt interesserte.

– Tidlegare generasjonar vaks opp på sild og poteter. Dei blei metta. Så forsvann kvardagskosten då økonomien blei betre , seier sildeambassadør og kjøkensjef Bjarte Finne.

Finne fryktar at bruken av sild skal gå i gløymeboka.

– Haldninga er vel at sild var mat ein brukte under krigen. Då gløymer ein kor godt dette er og for ei fantastisk råvare silda er, seier Finne.

Håkon Horn

Håkon Horn har forsåvidt eit forhold til silda. Men ikkje som mat. Det var helst ei ekstra inntektskjelde då han var gutunge.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Tradisjonar

Heller ikkje Håkon Horn i Ålesund har ete mykje sild dei siste åra. Som barn var han ein del av tradisjonen med å springe rundt med ei hank sild og selje i nabolaget.

– Eg åt helst ikkje sild då eg var gutunge heller. Men eg selde sild. Då tjente eg nokre kroner på det, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL