NRK Meny
Normal

Her hamna brøytebilen utfor vegen

Snøen kom uventa på mange i dag. Mellom Hornindal og Hellesylt hamna brøytebilen i grøfta.

Brøytebilen køyrde utfor vegen mellom Hornindal og Hellesylt

Det skal vere full stans i begge retninga mellom Hellesylt og Hornindal etter at brøytebilen køyrde utfor vegen.

Foto: Ole Anton Brekke

Det har vore fleire utforkøyring i Møre og Romsdal i morgontimane.

På Solnør i Skodje køyrde ein bil utfor vegen og det var lenge kø på staden. Etter bilberging er vegen igjen open for ferdsel. Ingen kom til skade i uhellet. Også ved Taftasundet har politiet fått melding om ei utforkøyring.

– Det verkar som det har vore utfordrande køyreforhold i dag, seier Kenneth Sætre ved operasjonssentralen på Sunnmøre.

Ved Viketunnelen på Skålahalvøya i Molde køyrde ein bil i autovernet i 08.30-tida. Det var ein person i bilen og operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal, Rolf Anders Korstad, opplyser at den kvinnelege bilføraren er sendt til sjukehus med smerter i ryggen. Det er store materielle skader på bilen. Bilen er no fjerna og vegen er open igjen. Politiet opprettar sak etter bilulykka.

Mellom Hornindal og Hellesylt var det også trafikale problem. Der hamna ein brøytebil i grøfta.

Ålesund kommune skriv at deira brøytebilar må bruke heile dagen for å komme gjennom alle rodene på grunn av stort snøfall enkelte stader.