Hopp til innhold

Her går Hildur (71) amok når Karsten Warholm tar OL-gull

Hildur Gjersdal prøvde å hyle inn i morgonkåpa for å ikkje vekke barnebarna då Karsten Warholm tok gull. – Det er så fantastisk, seier 71-åringen.

Hildur Gjerstadal framfor tven når Karsten Warholm spring inn til OL-gull

Hildur Gjerstdal og døtrene Gitte og Hanne framfor tv-en når Karsten Warholm spring inn til OL-gull

For Hildur Gjersdal i Austefjorden i Volda betyr sport noko heilt spesielt. Ho lever seg inn i alle idrettsgreiner og er kjent for å hyle høglydt i spaning. Tysdag morgon var ikkje noko unntak.

– Eg veit ikkje korleis eg skal forklare det, men eg blir så redd, ler Hildur. Ho har døtrene Hanne og Gitte med familiar på feriebesøk. Dei brukar å filme Hildur framfor tv-en og veit at det ikkje går an å ha så mykje som ein tekopp på bordet. Mora står nemleg i fare for å knuse koppar og kar.

Skulle ikkje vekke barnebarna

Hildur var svært spent på løpet til Karsten Warholm og vakna lenge før vekkarklokka. Ho og døtrene benka seg framfor tv-en, og hadde fokus på at denne gongen skulle ho ikkje brøle slik at heile huset vakna. Det skar seg heilt.

71-åringen klarte verken stå i ro eller unngå å hyle då helten frå Ulsteinvik både tok verdsrekord og OL-gull. Morgonkåpa dempa berre litt av ropa.

– Det er heilt enormt, seier Hildur med gråten i stemma. Ho er ikkje i slekt med hekkeløparen, men føler at han er næraste familie.

Det ho og døtrene likar med Warholm er ikkje berre at han vinn gull, men at han har så fin personlegdom og at han er jordnær.

Gitte Gjersdal, Hildur Gjersdal og Hanne Gjersdal Johansen

Gitte Gjersdal, Hildur Gjersdal og Hanne Gjersdal Johansen med norske flagg etter OL-gullet.

Foto: privat

Utsliten av løpet

Jordnær er ikkje det Hildur er kjent for å vere når ho ser sport. Ho innrømmer at ho disponerer kreftene litt ut frå kva idrett ho ser på. På eit hekkeløp på 45 sekund kan ho gi alt, men i handball sparer ho litt på kreftene. Det er viktigast å vere klar til ein finale.

Etter dagens OL-gull var 71-åringen så utsliten at ho måtte legge seg.

– Eg er jo ingen ungdom lengre og eg blir alltid sliten etter noko slikt. Det er som om eg skulle ha delteke sjølv, ler Hildur.

Resten av dagen skal ho bruke til å sjå reprisar. Å sjå Warholm ta OL-gull og verdsrekord kan ho aldri få nok av.

Warholm

Karsten Warholm sprang inn til OL-gull på 400m hekk i Tokyo. Han knuste samstundes sin eigen verdsrekord.