NRK Meny
Normal

Her handlar det om ski året rundt

RINDAL (NRK.no): Her kan alle ski-historia på rams. Landsem, Trollski, Magne Myrmo, Oddvar Brå og Berit Aunli blir presentert for sommarturistar på strak arm.

Skimuseum Rindal

På utsida kan det sjå ut som eit heilt vanleg bygdemuseum. Men inne i bygget er det fullt opp med skihistorie. Her kan du få eit innblikk i kvifor Rindal nyttar slagordet 'Bygd for Gull'.

Foto: Terje Reite / NRK

Det har gått ein månad sidan skimuseet i Rindal blei opna. Og museet har vore ein suksess. Skihistoria betyr mykje for folk, ikkje minst i skibygda Rindal.

– Rindal har lange tradisjonar med gode skiløparar og med produksjon av ski. Det har vore fire skifabrikkar her. Og vi har lenge hatt planar om å få bygt eit skimuseum. og no er det endeleg teke i bruk, seier Anne Skjølsvold ved museet.

Skimuseet Rindal

Her kan du sjå skisko frå mange forskjellige epokar. Det er mykje som har endra seg sidan femtitalet.

Foto: Terje Reite / NRK

Det er ski og skiutstyr som møter oss når vi kjem inn i museet. Langs veggane ligg det utstilt gamle, gamle skisko, og produksjonsutstyr for ski. I det vi opnar døra til den første utstillinga startar ein video som vakkert og effektivt fortel historia om skiproduksjon og skiløparar i Rindal.

Reiste i ein månad til Chamonix

I museet får vi sjå og høyre historia til fleire av dei store skiheltane frå Rindal. Aller først møter vi Sigurd Røen, som deltok i VM i Chamonix. Det mest utrulege er ikkje at han tok to gullmedaljar, men det utrulege er at han måtte bruke ein heil månad på å kome seg dit, får vi vite.

– Han var éin i ein stor søskenflokk som alle var flinke på ski. Men han Sigurd vart teken ut til Chamonix i 1937. Og han kom heim med to gullmedaljar, fortel Skjølsvold.

Anne Skjølsvold

Anne Skjølsvold viser oss rundt i museet.

Foto: Terje Reite / NRK

Deler av reisa gjekk føre seg på ski. Han gjekk på ski frå Rindal til Svorkmo. Der tok han toget til Orkanger, han måtte ta båt til Trondheim og derifrå kom han seg til Chamonix. Reisa tok ein månad.

Landsem skifabrikk

På muséet går sjølvsagt namnet Landsem igjen. Både på utøvarsida og når det gjeld fabrikken. Even Landsem starta Landsem skifabrikk. Han begynte i det små heime og i 1966 bygde han fabrikk. På syttitalet blei det produsert om lag 100.000 par ski i Rindal. Landsem var fabrikken som både var størst og som markete seg sterkast med ski til bruk i konkurransesamanheng.

Skimuseet Rindal

Dette er ei unik samling med ski. Alle desse Landsem-skia har vore brukte i internasjonale medaljeløp. Her er mellom anna ei av skiene som Magne Myrmo brukte då han var den siste som tok VM-gull på treski i 1974.

Foto: Terje Reite / NRK

Les også: Bevilget 5,3 millioner til museum

Siste VM-gull på treski

Midt på golvet i utstillingshallen i nedste etasje står det ei heilt spesiell samling. Even Landsem hadde nemleg sytt for at ski som blei brukte i medaljeløp kom tilbake til fabrikken i signert stand. Og i dag kan alle sjå skia som. Her er gullski frå meisterskap i Falun, Holmenkollen, ja stort sett alle skiarenaer av betydning på femti – seksti og syttitalet.

– Mange av dei store gjekk på Landsem-ski. Gjermund Eggen, Harald Grønningen, Magne Myrmo, Oddvar Brå, Berit Aunli, Marit Myrmæl for eksempel.

Og midt i denne skigarden står nokre heilt spesielle ski. For her står Magne Myrmo si ski frå 1974 frå då han blei siste verdsmeister på treski. Han tok gull på femmila i Falun. Det same skiparet brukte han også på femmila i Holmenkollen det same året.

– Dette er veldig spesielt, og vi er veldig glad for at vi har desse skia her ved at familien har deponert skia på museet. Og 1974 markerer eit skilje då mange gjekk over til glasfiberski.

Skimuseet Rindal

Du blir godt motteken når du kjem til skimuseet i Rindal. Her møter Elise Landsem, Anne Skjølsvold og Ida Nerbu Baalsrud deg.

Foto: Terje Reite / NRK

Over 1000 på opninga

På museet i Rindal er det mogleg å sjå kleskolleksjonar frå forskjellige periodar i skihistoria, der er fleire premiesamlinga, startnummer og mykje anna utstyr. Til og med ei lita samling med skismurning er det funne plass til.

– Her på museet er det mykje interessant, ikkje minst for dei som er interesserte i norsk skihistorie. På opningsdagen var her over 1000 personar. Og vi ser at mange kjem tilbake til museet for å gjere seg endå betre kjende med innhaldet her.