Hopp til innhold

Sjå den spektakulære flyturen ned frå Slogen

Mektige Slogen i Ørsta kan bli ein ny favoritt blant basehopparane. – Slogen er ei perle, seier Tom Erik Heimen.

Tom Erik Heimen hoppar frå Slogen

I sommar hoppa Tom Erik Heimen og Thomas Berg Hestad frå Slogen for første gong. FOTO: Tom Erik Heimen

I snart 17 år har Tom Erik Heimen frå Rauma drive med basehopping. I sommar hoppa han og kompisen Thomas Berg Hestad frå Slogen for aller første gang. Heimen beskriv opplevinga som fantastisk.

– Slogen viser seg å vere ein veldig fin plass å flyge frå. Det er ei perle og eg gler meg til å reise tilbake dit, seier Heimen. Også andre basehopparar har floge frå Slogen i sommar.

Vind og tåke
Tom Erik Heimen

Tom Erik Heimen har snart 17 års erfaring som basehoppar.

Foto: Roar Strøm / NRK

På den aller første turen til Slogen måtte Heimen gå til fots ned att også. Det var så mykje vind og tåke at han ikkje kunne flyge. Den rutinerte basehopparane meiner at slike opplevingar er nyttige, fordi han på den måten blir betre kjent med fjellet.

– Det betyr også meir når ein først får hoppe, seier Heimen.

Han trur den kjende fjelltoppen i Sunnmørsalpane kjem til å bli brukt av fleire erfarne basehopparar framover.

– Vi kjem til å legge lista høgt for dei som kjem. Dei må ha bra med erfaring og vite kva dei held på med, seier Heimen.

Mykje planlegging

Det er slett ikkje slik at dei berre hiv seg utfor ein fjelltopp. Bak hoppa ligg det mykje planlegging i forkant. I tillegg skal vindforholda og vêret stemme. Når utanlandske basehopparar kjem til Noreg, vert dei alltid anbefalt å snakke med lokalbefolkninga som kan fortelje dei om spesielle vindforhold. For Heimen betyr tryggleik alt.

– Basehopping kan du halde på med til 70-årsalderen så lenge du er frisk og sprek, og gjer det innanfor visse marginar og rammer, meiner Heimen. Han understrekar at basehopping også kan vere svært farleg dersom ein ikkje har dei rette føresetnadene og tar dårlege val.

Over tusen turar

Heimen har fleire favorittplassar å flyge frå, og gjengangaren er Romsdalshorn. Han brukar ein time på å gå opp og 2 minutt ned att. Sjølv om har hoppa 1466 gongar, klarer han å skilje turane frå kvarandre.

– Det er gode og sterke opplevingar og det gjer at eg hugsar dei. Eg skriv alt ned i loggboka, seier Heimen.