Hopp til innhold

Her får turistane prissjokk

Billettprisen på turiststrekninga Geiranger – Hellesylt har auka med 50 prosent. Det inneber at ein familie med to vaksne og to born i bil må betale nesten 1000 kroner kvar veg.

Ferja Hellesylt - Geiranger

På denne strekninga kostar det nærare 1000,- for ein familie med to vaksne og to barn i bil, kvar veg. Dette er ein prisauke på 50 prosent.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

No fryktar turistnæringa i området at færre turistar skal reise på denne strekninga.

Når dette ryktast ute blant turistoperatørar og turistar, då vil dei velje vekk denne strekninga, seier Inge Hole, som driv bensinstasjon på Hellesylt.

Det er Fjord1 som driv ferjestrekninga. Dei godtek ikkje rabattkort på dette sambandet, som er ope frå 1. mai og ut september.

Dei signala vi får frå marknaden, og det salet vi har hatt til no talar i motsett retning. Salet er betre enn nokon gong. Besøket på strekninga i byrjinga av sesongen har vore veldig bra, seier driftsdirektør i Fjord1, Stian Hårklau.

Men er det rimeleg at det skal vere så dyrt?

Vi må tore å ta oss betalt for dei opplevingane som vi gjev til kundane våre. No er prisane harmoniserte med dei prisane vi har på Nærøyfjorden og på Lysefjorden. VI føler ikkje at prisnivået er urimeleg, seier Hårklau.

For turistane er alternativet å ta ferja mellom Stranda og Liabygda og Eidsdal – Linge.

NRK kjenner også til at turoperatørar har leigd inn privat båtskyss mellom Hellesylt og Geiranger, slik at turistane skal få oppleve «Dei sju systrene», «Friaren» og andre turistjuvelar frå fjorden.

Cruiseskipa har allereie byrja å kome til området. Og i dag kjem også fyrste cruiseskipet til Hellesylt.

Vi ser ut til å halde koken så langt. Geiranger har ein sterk posisjon. Verdsarvstatusen gjer at det er svært attraktivt å besøkje området, seier Inge Hole.

Geiranger - Hellesylt

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL