NRK Meny
Normal

Her får Severin besøk av Tall Ships-skute

Laurdag fekk Severin staseleg besøk på Røneset av sjølvaste Statsraad Lehmkuhl.

Laurdag fekk Severin staseleg besøk på Røneset av sjølvaste Statsraad Lehmkuhl.

Seglskuta Statsraad Lehmkuhl gjekk forbi Røneset laurdag. Der blei dei helsa med flagg. Foto: Hans Olav Landsverk/NRK.

Fredag ettermiddag var Severin ute i Ålesund sentrum under The Tall Ships Races for å få med seg dei mektige seglskutene som låg til kai.

Severin Rønes

Severin var tilbake på Røneset laurdag kveld.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Og medan han stod mellom folk, buer og store båtar ringde telefonen.

– Dei ringde meg frå Statsraad Lehmkuhl, den store seglskuta frå Bergen, og spurte om dei kunne få kome på besøk på Røneset laurdag.

Og det fekk dei sjølvsagt lov til.

Severin reiste difor tilbake til Røneset for å helse på seglarane når dei gjekk forbi. Det var masse folk om bord som sang nasjonalsangen når dei passerte. Passande at Severin og kjærasten Jelena Aurora Mensah då stod med flagg i fjøra.