Det kostar å vere hund...

Vi grev stadig djupare i lommeboka for at hunden skal få leve livet når matmor og matfar er på ferie. Om sommaren er både hundepensjonat og kennelar stappfulle – der tilboda blir fleire, betre og dyrare.

Solhaug Hundepensjonat

IDYLLISK: Når ein hundeeigar set hunden sin på kennel eller hundepensjonat, er det ikkje lenger berre ein kjapp luftetur og mat. Det er store luftegardar, manikyr, pedikyr, godt med mat, stell og kos. Prisen er derimot deretter.

Foto: Solhaug Hundepensjonat

– Vi får regelmessig hundar inn der eigar vil betale ekstra for at hunden skal sove i vår private seng, fortel Egil Fjellheim, som driv Solhaug Hundepensjonat.

Luksus – også om sommaren

– «Lady og Landstrykeren» er nok ikkje så aktuell her i Noreg, humrar 37 år gamle Fjellheim.

For berre éin del av den kjende Disney-filmen stemmer med dagens Noreg. Laushundar som «Landstrykeren» finst knappast. Men hundar som lever i sus og dus slik som «Lady», finn vi mange av.

Folk brukar stadig fleire kroner på hundane sine, og sommaren er intet unntak.

Solhaug Hundepensjonat

DU RINGER, VI BRINGER: Utanom fellesferien driv Solhaug Hundepensjonat eigen hundebarnehage.

Foto: Ann-Kristin Haram

– Vi har drive på i berre seks år, men kvar sommar må vi avvise mange hundar. Kollegaer rundtom er også sprengfulle, og vi må skuffe mange hundeeigarar, seier Fjellheim.

Saman med kona Maria Tandstad er Fjellheim midt oppe i storinnrykket av firbeinte. Dei to driv Solhaug Hundepensjonat – perfekt plassert på ein idyllisk gard i Engesetdalen utanfor Skodje på Sunnmøre.

Der lever dei med, pustar og tenkjer hund – 24 timar i døgnet, sju dagar i veka, 365 dagar i året.

(Saka held fram under bildet)

Maria Tandstad og Egil Fjellheim

HUNDEMENNESKE: Maria Tandstad og Egil Fjellheim er eit lite stykke over gjennomsnittet glade i hundar.

Foto: Solhaug Hundepensjonat

Folk er ikkje lenger fornøgde med «nabopass»

Gjennom året er det fullt liv frå morgon til kveld i Engesetdalen. Når det ikkje er fellesferie driv Tandstad og Fjellheim hundebarnehage. Men den følgjer opningstidene til vanlege barnehagar.

Vi utvidar stadig, og talet på hundar aukar kvar månad. Om sommaren er etterspørselen enorm.

Egil Fjellheim
Hundepensjonat himmelseng

INNBYDANDE?: Nødvendig eller ikkje; småhundar og eigarane likar himmelsengene på Solhaug Hundepensjonat – som er eitt av mange i Noreg med slike tilbod.

Foto: Solhaug Hundepensjonat

– Vi har rett og slett ikkje tida til det om sommaren, seier Fjellheim.

For fleire og fleire hundeeigarar ser seg ikkje fornøgde med enkelt hundepass når dei reiser på ferie.

Litt mat i løpet av dagen, ein luftetur av naboen annankvar dag og lite merksemd på to veker er ikkje godt nok. Det gjer at tilbod som hundepensjonatet i Engesetdalen får livets rett. Og litt til.

– Eg har vore i hundemiljøet i alle herrens år. Folk brukar mykje meir pengar på hund no, samanlikna med for 10 år sidan. Prisane på alt har gått opp, men så har samtidig standarden stige minst like mykje.

(Saka held fram under bildet)

Scala og Vegas

MOR OG SON: Ole Morten Sorthe sine to schæferar, Scala og Vegas. Scala er mor og 6 og 1/2 år, medan Vegas er 3 år.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Ole Morten Sorthe

AVSLAPPA: Schæferane til Ole Morten Sorthe lev eit godt liv i Ålesund.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Eg har slite ut familie og venner

For Ole Morten Sorthe har tilbodet som det i Engesetdalen blitt viktig. 47-åringen får Ålesund brukar store delar av fritida til to disiplinerte, leikne og veltrena schæferar. I tillegg er han nestleiar i Sunnmøre Hundeklubb og leiar i Norsk Schæferklubb avdeling Sunnmøre.

– Eg hugsar for 20–25 år sidan. Då måtte ein heilt til Bjorli (to og ein halv time frå Ålesund) for å få hundepass. Elles var det å setje vekk hundar til familie og venner.

Sorthe har hatt hund så lange han kan hugse, og i dag er han hyppig brukar av hundepensjonat.

– Ein kan ikkje vere vekke frå hundane i meir enn 12–15 timar. Ein hund er meir avhengig av deg enn for eksempel ein katt.

– Litt avhengig av rase, så er det ikkje alltid enkelt å setje vekk ein hund eller la ein nabo passe. Eg, med to schæferar, har slite ut både venner og familie opp gjennom åra, fortel Sorthe.

Då han nyleg var på ferie sendte han hundane til Engesetdalen.

– Eg er såpass heldig at eg er med i ein aktiv hundeklubb, og andre medlemmer kan passe hundane mine på korte reiser, men når eg reiser langt vekk bur hundane på kennel eller pensjonat, seier Sorthe.

(Saka held fram under grafikken)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Men det kostar å vere kar ...

Stepanka Horakova

HUNDEEKSPERT: Stepanka Horakova meiner pris ikkje er det viktigaste når hundeeigarar vel buplass for kjæledyret i ferien.

Foto: Nordstrandsfotografene

Når tilbod og kvaliteten i tilboda aukar, så aukar derimot prisen også.

Stepanka Horakova, kommunikasjonssjef i Norsk Kennel Klub, og hundeekspert på Hunden.no, meiner prisen er verdt det for folk når dei veit at hunden deira har det bra.

– Eg forstår godt at det kostar pengar. Det kostar pengar å bu på hotell òg. Men det blir ikkje eit reint prisspørsmål, for folk er villige til å betale når dei veit at hunden deira har det bra.

Horakova fortel hundeeigarar har tre moglegheiter i feriane.

– Ein kan ha ferie med hunden, i bobil, i bil eller til hytte. Ein kan også ta med hunden på fly, men det er meir tungvint. Alternativ to er at familie og venner passar hunden, medan alternativ tre er kennel eller pensjonat.

– Hadde fått fengsel om vi gav andre same timeløn

Og for kvar dag som går vel fleire kennel eller pensjonat. I Engesetdalen på Sunnmøre gjer det at det er mogleg å leve av Hundepensjonatet.

– Sesongprisen følgjer skuleferien og er på 280 kroner, medan det kostar 230 kroner per påbyrja dag utanom sommarferien. Det inkluderer alt av stell, mat, reinhald og vask.

– I tillegg får alle hundar som er her meir enn éi veke inkludert pedikyr og manikyr, dusj og føn, fortel Egil Fjellheim

– Det blir altså i overkant av 3000 kroner for éin hund på hundepensjonat i to veker?

– Ja, det blir om lag det.

– Og alle er villige til å betale såpass mykje?

– Ja, eg opplever det slik. Det er ein sjeldan gong at nokon stussar litt og synest det er hinsides dyrt, men tenkjer ein litt så er det mange utgifter og vi sit ikkje igjen med så veldig mykje per hund.

Fjellheim fortel at få menneske i verda jobbar like lange og mange dagar som han sjølv.

– Vi tener til livets opphald, men vi jobbar enormt mykje. Vi arbeider sju dagar i veka, jobbar julekvelden og jobbar nyttårsaftan. Vi byrjar klokka sju om morgonen og held på til 10–11 om kvelden.

– Hadde vi betalt andre same timeløn som vi sjølve har, så hadde vi blitt straffa med fengsel og det som verre er, flirer Fjellheim.

Kravstore eigarar blir vanlegare

Om timeløna ikkje er enorm, så er trivselen stor. Rom og veggar er flott pynta, og heile området er ryddig og vaska. I Engesetdalen er der små himmelsenger og lysekroner, og der er til og med ei eiga suite – utstyrt med dobbelseng, TV og lysekrone.

– Det er hakket gromare, men det blir mest brukt som «familierom». Vi har som oftast ikkje førespurnad etter slike ting, fortel Fjellheim.

Egil Fjellheim ved Solhaug hundepensjonat

BLIR IKKJE LEI: Egil Fjellheim kan ikkje hugse at han har vore lei dei lange dagane med hundar rundt føtene.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

– Har de nokon gong fått heilt hinsides krav frå hundeeigarar?

– Hehe, det får vi ganske ofte. Vi får ofte mange og lange A4-skrivne sider med matlister, om kosthald, stell og pleie. Og vi får regelmessig hundar inn der eigar vil betale ekstra for at hunden skal sove i vår private seng.

– Innvilgar de slike «krav» då?

– Nokre særskilde gonger, men slikt kan vi ikkje gjere heile tida. Hundane må behandlast nokolunde likt.

Drivaren av Solhaug Hundepensjonat kan derimot hugse tilbake til éin hund som verkeleg trengte mykje.

– Vi hadde ei fôringsliste éin gong hugsar eg. Den gjekk ut på fleire skiver leverpostei klokka ti på sju om morgonen, ny skive halv ti, to pølsesnabbar litt seinare og så vidare. Hunden klarte seg ikkje utan, visst nok, flirer Fjellheim.

Men kva treng eigentleg hunden?

Det kostar i overkant av 3000 kroner for å ha hunden sin i Engesetdalen. Mange stadar i landet er det dyrare. Nokre stadar mykje dyrare.

– Det er verkeleg marknaden som styrer prisane. Og så er der nokon som nærmast ønskjer at hunden skal få fullt spaopphald. Då må dei også betale for det, seier Stepanka Horakova, som sjølv har to hundar. Éin Greyhound og éin Cesky Terrier.

– Men kva er det ein hund eigentleg treng i ein ferie?

– Ein hund treng det grunnleggjande. Mat, lufting, tak over hovudet og litt aktivisering. så kan ein sjølvsagt fylle med anna innhald.

– Hunden bryr seg ikkje om han søv i himmelseng eller i ein sliten saccosekk. Mykje av tilboda i dag er for eigarane, men hundeeigarane kjøper gjerne dyre og flotte ting i den tru at hunden treng det.

– Og så lenge både hund og eigar er lukkelege så er det vel greitt?

– Så lenge det gjer at eigar og hund trivst saman så gjer det ingenting, meiner Horakova.

(Saka held fram under bildet)

Utstyr til hund

KVALITETSBEVISST: Når ein først skal kjøpe utstyr er det kanskje lurt å kjøpe kvalitet? Det meiner i alle fall Ole Morten Sorthe.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Hundane har godt av ein ferie

Ole Morten Sorthe synest mange av tilboda og «gimmickane» går litt langt til tider, men han trur òg at eigarar berre vil det beste for hunden.

Sjølv er han veldig kvalitetsbevisst når han først kjøper noko. Det gjeld for feriepass også.

– Det er klart, ein forhøyrer seg og sjekkar opp. Det blir omtrent som når ein skal på hotell. Ser det forferdeleg ut i inngangspartiet og i resepsjonen, så er det langt frå sikkert at ein leiger rom, humrar Sorthe.

Det viktigaste er at hundane blir tekne godt vare på.

Ole Morten Sorthe

Han meiner at eit opphald på ein god kennel eller på eit godt hundepensjonat vil gjere hunden veldig godt.

– Hundane har godt av å vere der. I tillegg blir eg som eigar tryggja. Hundane er aktiviserte, blir fôra og dei får merksemd. Det er ein feriekoloni for hundar, og dei har det rett og slett ganske så bra.

Ole Morten Sorthe hund

HUNDEENTUSIAST: Ole Morten Sorthe har hatt hund i nærmast alle sine år.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Dei har det ikkje for bra då? Slik at dei ikkje vil bli med heim igjen etter opphaldet?

– Hehe, det har ikkje skjedd meg så langt, hundane mine har blitt med heim.

I Engesetdalen er derimot ikkje hundar utan særskild heimlengsel uvanleg.

– Ja, vi har ein god del tilfelle der hunden ikkje vil bli med heim. Hunden spring opp og snusar på eigaren, før han snur tilbake til hundepensjonatet.

– Men det er vel eigentleg berre kjekt for både oss og eigar, for då ser ein at hunden har hatt det bra, seier Fjellheim på Solhaug Hundepensjonat.

Så langt har tilboda berre blitt fleire, dyrare og betre. Ti år fram i tid ser verken Fjellheim, Sorthe eller Horakova nokon grunn til at tilboda ikkje berre skal halde fram med å bli fleire.

– Men det kostar å ha hund. Det er eit levande vesen og ei avgjersle ein tek. Har ein valt hund, så har ein valt hund. Det er ikkje slik som med eit par ski eller med ein sykkel.

– Ein kan ikkje parkere ein hund i garasjen om ein blir lei. Det er 24 timar i døgnet, 365 dagar i året. Og det gjeld sommaren også, avsluttar Ole Morten Sorthe.