Hopp til innhold

Så mykje kostar det eigentleg å lage ei kåpe

Klesprodusenten ARV i Ålesund satsar på full openheit om kva det kostar å lage kleda dei sel.– Det er litt skummelt, men vi ønsker å gjere kunden meir bevisst, seier Maria Berggren.

Maria Berggren med kle frå Arv-design

Med eit enkelt tastetrykk på nett får du vite mykje om kva desse kåpene kostar

Foto: Jannicke Farstad / NRK

I ARV sine lokale i Ålesund heng det kåper på rekkje og rad. Her kan du lett finne detaljert kunnskap om alt frå pris på stoff, knappar og frakt, samt kva det kostar å produsere dei.

– For oss er det viktig å vere opne og ærlege med det vi gjer, og vi ønskjer å gjere kundane våre bevisste på kva dei betalar for når dei kjøper kle, seier dagleg leiar Maria Berggren.

–Inspirasjonen til å gjere dette har vi fått i USA. Stadig fleire blir meir bevisste på kva dei kjøper, og vil vite at det ikkje ligg korrupsjon, barnearbeid og andre dårlege forhold bak produktet, seier ho.

ARV-Design i Ålesund vil vere opne om kva det kostar å lage kleda.

Her kan du sjå kvifor ARV sel ei jakka til ein heilt annan pris enn det kostar å lage den.

Å kunne spore ei vare er meir og meir vanleg i matindustrien, men breier seg og til andre næringar.

– Vi veit ikkje om nokon andre klesprodusentar som gjer dette i Norge, seier Berggren.

Stolte av ein lang kåpe-tradisjon i familien

Når Maria Berggren starta å lage kåper i lag med søster og svigerinne, var det etter arv frå oldefar og morfar.

ARV-design

Designen til kåpa Liv er inspirert av ein lang familietradisjon.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– På 1920 talet starta oldefaren vår ein konfeksjonsfabrikk i Tomrefjord. Det blei fort ein av Norges leiande konfeksjonsfabrikkar. Vi lar oss inspirere av gamle kåpemodellar som var brukt heilt opp til 70-talet.

Les også: Heidrar arven etter oldefar med kåpekolleksjon

Ho viser oss kåpa Ruth som er inspirert av teikningar frå 60 og 70-talet. Ved eit enkelt tastetrykk på nettsida finn ein detaljert kunnskap om kva det kostar å lage kåpa frå start til slutt.

Transparente priser

På nettsida til ARV finn du informasjonen under overskrifta Transparent pricing

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Dette kostar det å lage ei kåpe

– Stoff til kåpa Ruth med for kostar ca. 365 kr. Logo, knappar osv. 10 kr, og det å sy den saman kostar ca. 300 kroner. Frakta hit kostar 30 kroner pr. kåpe. Totalkostnaden blir då 700 kroner. Vi sel den for 2999 kr. Differansen her dekkjer våre utgifter til å drive og utvikle ARV.

Arv sel ca 70 % av varene sine gjennom nettbutikk, resten gjennom sin butikk i Ålesund. Før selde dei kåpene gjennom andre sine butikkar. Då kosta ei kåpe ofte rundt 5000 kroner. Prisen gjorde at det blei vanskeleg å nå mange kundar.

– Vi valde å selje kåpene sjølve, fordi vi då kan ta ein mindre pris. Samtidig har vi no betre kontakt med kundane våre, seier Berggren.

Litt skremmande å vere så opne

–Når vi er så opne, så kan folk lett ta oss på å gjere feil. Det kan vere ting vi ikkje har gjort skikkeleg eller har gått glipp av. Men vi jobbar heile tida for å vere ærlege og gjere det skikkeleg, seier Berggren.