Hopp til innhold

Her får dei eldre best mat

Middagsmenyane inneheld mykje heimelaga mat og er ofte basert på lokale råvarer. No har dei fått pris for den appetittvekkjande maten.

Middagsmenyane inneheld mykje heimelaga mat og er ofte basert på lokale råvarer. No har dei fått pris for den appetittvekkjande maten.

MAT: Herøy helse- og omsorgssenter vart ein suveren vinnar i ein konkurranse om å ha den beste maten til dei eldre. Foto: Arne Flatin.

Herøy helse- og omsorgssenter vart ein suveren vinnar i ein konkurranse om å ha den beste maten til dei eldre. Herøy vert dermed Møre og Romsdal sin representant i landsfinalen i satsinga "Gyldne måltidsøyeblikk".

– Vi er veldig glade for det. Det har gitt oss ny inspirasjon til å drive vidare og gjere det enda litt betre, seier kjøkkensjef Bjørg Warholm.

Tradisjonsmat

kjøkkensjef Bjørg Warholm Herøy helse- og omsorgssenter

Kjøkkensjefen trur at satsinga på god tradisjonsmat er ein av grunnane til at folk er fornøgde.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ho trur dei har gjort det bra fordi dei har lagt vekt på å ha menyar, norske råvarer, lokalmat og ikkje minst tradisjonar.

– Det er også viktig å ha god helgemat, seier kjøkkensjefen.

Ifølgje juryen er balansen mellom dei ulike råvarene er god, presentasjonen på tallerkenen er innbydande og rettane sin fargekombinasjonar hevar måltida. Dette gjev appetittvekkande og næringsrik mat.

«Gylne måltidsøyeblikk»

Gunvor Flusund ved Herøy helse- og omsorgssenter

Gunvor Flusund seier at maten alltid er god.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ein av dei som er veldig fornøgd med maten er Gunvor Flusund.

– Eg syns maten er god heile tida.

– Kvifor trur du den er det?

– Det er vel på grunn av dei som lager den, seier ho.

Gjennom satsinga «Gylne måltidsøyeblikk» inviterte statsråd Sylvi Listhaug tidlegare i år alle sjuke- og aldersinstitusjonar til å delta i ein konkurranse for å løfte fram dei hyggelege måltidsstundene.

Konkurransen er eit ledd i regjeringa sitt arbeid med å betre matomsorga på alle norske sjuke- og aldersheimar. Målet er å auke medvitet om maten og kva måltida har å seie for dei eldre.

Det er i alt 8 kommunar og 9 institusjonar i Møre og Romsdal som har delteke i konkurransen.

Herøy helse- og omsorgssenter til topps i «Gylne måltidsøyeblikk»

Herøy helse- og omsorgssenter har den beste og mest innbydande institusjonsmaten. Rita Grønbech Hodneland og Beate Kvalsvik (kokkar) Klara Vangen Kopperstad, Mona Skinnes og Linda Hammervold (kjøkkenassistentar) Bjørg Warholm (kjøkkensjef) og Solveig Krogstad (kokk).

Foto: Kelma de Silva Ingebrigtsen