Hopp til innhold

Her er signaturen som feiar tvilen til side

MOLDE/ÅLESUND(NRK): No skal det omstridde sjukehuset i Molde byggast. Milliardkontrakten blei underskriven i dag.

Signering SNR

Her blir kontrakten signert. Frå venstre Trond Krogstadmo, regiondirektør i Skanska Bygg Midt/Nord.administrarande direktør i Helse Møre og Romsdal, Nils Kvernmo, Konserndirektør i FO Bygg Tor Arne Midtskogen, Johan Arnt Vatnan i prosjektstyret.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Dette har vore ei lang, spennande reise. Men det er veldig tilfredsstillande å stå her i dag å skrive kontrakt, sa Trond Krogstadmo, regiondirektør i Skanska Bygg Midt/Nord.

Straks kontrakten er inngått startar også eit beinhardt og konfliktfylt arbeid. Heile prosjektet skal høvlast ned frå ein oppdatert kalkyle på over 5 milliardar ned til styringsramma på 4,4 milliardar norske kroner. Skanska sin del av prosjektet har ein forventa kontraktssum på 2,1 milliardar kroner.

– Prosjektet har hatt ein trang fødsel. Det har vore jobba lenge. Bølgene har vore store. Dette er ein stor dag for Nordmøre og Romsdal, sa leiar i prosjektstyret, Johan Arnt Vatnan då han signerte kontrakten.

Rettssaker, stortingshøyring og direktøravgang

Arbeidet fram mot dette sjukehuset har vore innom to rettssaker, det har vore høyring i Stortinget, direktørar har gått av og folk gått ut i gatene i protestaksjonar.

Sjukehuskonfliktar i Noreg brukar å vere sterke. Konflikten kring SNR er kanskje toppen av norske sjukehuskonfliktar. Framleis har sjukehusstriden kraft i seg til å sprenge heile Møre og Romsdal fylke.

Nytt sjukehus Molde

Dette er blant dei første skissene av det nye sjukehuset på Hjelset. Fasaden er blitt endra undervegs. No kan det bli endå større endringar for å få ned kostnadene.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Spiren til Bunadsgeriljaen

Med bygginga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal skal to sjukehus bli til eitt. Sjukehuset i Kristiansund blir lagt ned. Og det gamle sjukehusområdet like vest for Molde sentrum skal seljast. Det nye sjukehuset skal byggast på Hjelset, eit godt stykke aust for Molde sentrum.

Helse Møre og Romsdal la tidleg ein plan om at fødeavdelingane i Kristiansund og Molde skulle slåast saman før innflyttinga i det nye, felles sjukehuset.

Det viste seg å vere svært kontroversielt. Ei samling av fødetilbodet i Molde ville føre til svært lang reiseveg.

Bunadsgeriljaen såg dagens lys, og blei ei sterk politisk kraft i Møre og Romsdal. Protestane blei så sterke at samanslåingane av fødeavdelingane er utsett på ubestemt tid.

Men konfliktane kring det nye sjukehuset starta lenge før dette.

Anja Cecilie Solvik
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Direktøren gjekk på dagen

4. desember 2014 er ein av dei mest dramatiske dagane i striden kring det nye sjukehuset. Administrerande direktør Astrid Eidsvik, ein av leiarane i norsk helsevesen med lengst fartstid, trekkjer seg og går på dagen, etter intense djupe konfliktar. Det handla om lokalisering av det nye sjukehuset.

Eidsvik hadde brukt lang tid på å konkludere med at det var ein fordel å legge sjukehuset så langt nord i fylket som mogleg, og landa på området Storbakken ved Kristiansund.

Astrid Eidsvik

Dette biletet er teke om ettermiddagen 4. desember 2014. Astrid Eidsvik har bestemt seg for å gå på dagen. Ho meinte at Helse Midt-Noreg overkøyrde henne då ho skulle innstille på val av tomt til det nye sjukehuset.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Samtidig var administrasjonen i det regionale helseføretaket Helse Midt-Noreg i ferd med å konkludere med at sjukehuset burde ligge så langt sør som mogleg.

Hektisk møteverksemd og forsøk på overtaling førte til at Astrid Eidsvik kasta korta få dagar før ho skulle legge fram innstillinga si.

– I innspurten av arbeidet med sjukehusvalet har eg opplevd at Helse Midt-Norge har gripe inn på ein måte eg syns er uakseptabel, sa Astrid Eidsvik til NRK den dagen ho gjekk av.

Kaos og korrupsjonsskuldingar

Med Astrid Eidsvik sin avgang oppstod det både kaos og eit vakuum. Direktøren i det lokale helseføretaket hadde fått ferdig ei saksutgreiing, men ikkje noko tilråding overfor det lokale styret.

Men regionalt gjekk saksbehandlinga vidare. Det førte til at det lokale styret kjende innstillinga frå den regionale administrasjonen då vedtaket skulle gjerast.

I Kristiansund skjønte folk at det gjekk i favør av ei lokalisering i Molde, og at nordmørsbyen var i ferd med å misse sjukehuset sitt. Spontant blei faklane leitt fram og eit stort fakkeltog kransa kring julegrana på Kongens plass.

fakkeltog i Kristiansund

Spontant tok folk i Kristiansund til gatene. Med tende faklar gjekk dei i tog byens gater etter at det blei kjent at Astrid Eidsvik trekte seg som direktør.

Foto: Roar Halten / NRK

Ordførar Per Kristian Øyen kravde at heile sjukehussaka måtte stoppast umiddelbart.

Dramatisk styremøte

Det var blitt 17. desember 2014. Styret i Helse Møre og Romsdal skulle ta stilling til plasseringa av det nye sjukehuset. Sjeldan har vel eit styremøte i norsk helsevesen hatt større interesse. Tryggleiken kring møtet var skjerpa. Det var leigd inn ekstra tryggingsfirma. Alle som skulle inn på møtet blei kontrollerte.

Frå Nordmøre kom det 15.000 underskrifter med krav om at saka måtte utsetjast.

Den svært betente kampen om hvor det nye sykehuset for Nordmøre og Romsdal skal ligge har startet mange spekulasjoner rundt Astrid Eidsviks avgang. På dagens møte i Ålesund kom det frem alvorlige påstander om korrupsjon og utpressing i prosessen.

Den betente kampen som førte til at Astrid Eidsvik gjekk av førte til mange spekulasjonar. ord som utpressing og korrupsjon kom opp til overflata.

Dramaet toppa seg då styremedlem Harald Topphol sa han hadde fått opplysningar om at direktør Astrid Eidsvik var blitt pressa ut av direktørstolen. Det blei brukt ord som korrupsjon, utpressing og brot på helseføretakslova.

– Dersom dette stemmer, så lurer eg på om Noreg er eit demokratisk land, sa styremedlem Charles Austnes.

Styremøte helse møre og romsdal

Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok plassering på Hjelset i Molde med knappast mogleg fleirtal.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Klokka 14.00 var vedtaket gjort med minst mogleg fleirtal. Plasseringa på Hjelset blei vedteken med 5 mot fire stemmer.

Nestleiar Petter Bjørdal, som tidlegare hadde hatt Storbakken i Kristiansund som favoritt ombestemte seg i siste liten og stemte for Hjelset i Molde.

– Konsekvensane vil bli minst ved å plassere dette i sør, med eit samarbeid mellom Ålesund og Molde, sa Bjørdal.

Dei påfølgjande to dagane sa både Helse Midt-Noreg og helseminister Bent Høie ja til ei plassering på Hjelset.

Banner og protestar i Kristiansund

Alle som kjenner sjukehusstridane i Møre og Romsdal skjønte straks at vedtaket ville føre til skarpe protestar frå Kristiansund og resten av Nordmøre.

Alt ved tusenårsskiftet var det klart at Molde trengte nytt sjukehus. Heilt fram til 8. desember 2018 var det liv i planane om å byggje nytt sjukehus på Eikrem i Molde.

Anne-Grete Strøm-Erichsen i Molde

Tidleg på 2000-talet var det mykje som tyda på at Molde skulle få nytt sjukehus på Eikrem. Etter kvart blei dette stoppa av helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen. Planen innebar at føde- og akuttfunksjonane skulle samlast i Molde.

Foto: Herskedal, Kjell / Scanpix

Desse planane innebar at føde- og akutt-tenestene i Kristiansund skulle flyttast til Molde.

Ei rekkje gonger gjekk folk på Nordmøre i protesttog mot dette.

Det politiske miljøet i Kristiansund og på resten av Nordmøre var med på å lansere tanken om eit felles sjukehus mellom anna som ein måte å berge føde- og akutt-tenestene nord i fylket på.

Video Slik jubler de i Kristiansund

I Kristiansund spretta dei sjampanjen då helseministeren stoppa planane om nytt sjukehus på Eikrem i Molde.

Kristiansund kommune gjekk så langt at dei sikra seg ei stor tomt på Storbakken i Kristiansund, som dei ønskte å gje gratis til Helse Møre og Romsdal.

Store deler av det politiske miljøet på Nordmøre støtta tanken om eit felles sjukehus før lokaliseringa var avgjort.

Men straks vedtaket om plassering på Hjelset i Molde blei kjent hang det banner på sjukehusveggen i Kristiansund med klar beskjed om at vedtaket var ugyldig.

– Vi stiller ei rekkje spørsmål til det som har skjedd og vil at kvar ein stein skal bli snudd for å finne ut korleis prosessen kunne havarere, sa lege i Kristiansund Ralph Herter.

Kristiansund sykehus med bannere

Forhåpningane var snudd til fortviling i Molde. I lang tid såg dei for seg at det nye, felles sjukehuset skulle plasserast nær Kristiansund. Dette er om kvelden når det er klart at sjukehuset skal plasserast på Hjelset i Molde.

Foto: Roar Halten

Stortingshøyring og rettssaker

Og steinar blei snudd, både i rettssalen og i Stortinget.

Stortingshøyringa enda opp med at det ikkje blei fleirtal for nokon kritikk mot helseminister Bent Høie. Han var blitt skulda for å ha gripe inn i tomtevalet.

Bent Høie

Helseminister Bent Høie var sistemann ut i høyringa på Stortinget.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Deretter reiste Kristiansund kommune søksmål mot Helse Midt-Noreg.

Stemninga bygde på følgjande punkt:

  • Myndigheitsmisbruk
  • Brot på forvaltningslova om at ei sak skal vere godt opplyst
  • Uforsvarleg kort saksbehandlingstid
  • Mangel på reelle drøftingar i styremøte og føretaksmøte
  • Inhabilitet for fleire av aktørane
  • Omfattande manglar ved grunngjevinga.
Inntrøndelag Tingrett, Steinkjer

Den første rettssaka gjekk for Inntrøndelag tingrett i Steinkjer.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

I rettssaka blei det hevda at sjukehussaka var blitt gjennomført som ein pill rotten prosess.

Men Kristiansund kommune tapte saka i tingretten. Etter ei motsetnadsfylt debattrunde i Kristiansund kommune blei saka anka til lagmannsretten.

Sjølv om kommunen hevda dei la fram nye moment i saka, tapte Kristiansund kommune også i lagmannsretten.

Anbodsstans og utsetjing

Optimismen var stor då styret i Helse Midt-Noreg godkjende forprosjektet for det nye sjukehuset på Hjelset og distriktsmedisinsk senter i Kristiansund 7. desember 2017. Men det skulle gå berre nokre få månader før Helse Møre og Romsdal måtte konkludere med at heile anbodsprosessen måtte utsetjast. Prosjektet var i ferd med å sprekke med ein knapp milliard. Anbodsstansen kom så overraskande at begge dei gjenverande entreprenørane vurderte søksmål mot helseføretaket.

Midt i denne prosessen er Helse Møre og Romsdal midt i den djupaste økonomiske krisa nokon gong. Omfattande spareforslag fører til at dei fleste Nordmørskommunane bryt samarbeidet med Helse Møre og Romsdal.

Den økonomiske krisa er på dette tidspunktet så stor at administrerande direktør Espen Remme må gå av og Nils Kvernmo blir sett inn som konstituert direktør i Helse Møre og Romsdal.

SNR blir sendt ut på ei ny anbodsrunde og 25. september i år blir det kjent at Skanska skal byggje SNR. Det er allereie kjent at kostnadene skal kuttast kraftig. Berre få dagar før kontrakten skal signerast er det klart at prosjektet skal kuttast frå over 5 milliardar til om lag 4,4 milliardar kroner.

Entreprisen inneber ein samhandlingsperiode, der Sykehusbygg, Helse Møre og Romsdal og Skanska skal få prosjektet i samsvar med styringsramma. Dette arbeidet skal vere ferdig til sommaren.

Om eitt år skal anleggsarbeidet ta til. Og i mai 2024 er det planlagt innflytting i det nye sjukehuset.

Signering sjukehus

Det endelege beviset på at sjukehuset verkeleg skal byggast. Kontrakten blei signert i Molde i dag, tysdag 22. oktober 2019.

Foto: Roar Strøm / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL