Her er Per for å fiske etter kunnskap

Fiskeriminister Per Sandberg er på besøk i Ålesund i dag, og ifølge den nyutnemnde statsråden er det for å suge til seg kunnskap.

Fiskeriminister Per Sandberg

Statsråd Per Sandberg starta dagen på besøk hos Fiskebåt

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Ei av dei første oppgåvene ein fersk fiskeriminister har er å reise ut for å lære seg næringa, organiseringa og fiskeripolitikken rundt om, seier Per Sandberg om kvifor han gjestar Ålesund.

Han fortel at han har mange viktige saker å behandle i tida framover, og meiner at det då er viktig å få innspel frå næringa sjølv. Havbruksmeldinga og sjømatindustrimeldinga er to av sakene som kjem til behandling.

Vanskeleg å foreine alle interesser

Fiskeriminister Per Sandberg

Fiskeriministeren vil ha innspel frå heile næringa.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Sandberg synest han har kome godt i gang som fiskeriminister og synest ikkje han har fått i overkant mykje kritikk.

– Men å foreine alle som har interesser i norsk fiskeri- og havbruksnæring tar nok minst eit par år, humrar fiskeriministeren.

Sandberg starta dagen hos Fiskebåt, og skal ut over dagen få presentasjon og omvising hos selskapa Volstad, Møre Codfish, Firmenich, Legasea og Roaldnes.