Hopp til innhold

Her er mamma sjåfør på russebilen

Då den faste sjåføren på russebilen måtte melde avbod, enda mamma Ann Elisabeth Haram opp bak rattet. – Ei strålande løysing, seier Trygg Trafikk.

Ann Elisabeh Haram er russemamma og sjåfør

Mamma Ann Elisabeth Haram steppa inn som sjåfør på russebilen. Ho er streng med tryggleiken og lar berre russen sitje på taket når bilen er parkert.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dei seks russane frå Ålesund har kjøpt ein personbil med plass til åtte og i helgene brukar dei ein 20-åring som sjåfør på bilen. Han kunne ikkje stille ei av nettene og då mor til Sofie Haram Støylen (18) fekk høyre at dei mangla sjåfør til festen, melde ho seg til teneste.

Det var mest meint som ein spøk, for ho trudde ikkje at russegjengen ville ha ei vaksen dame bak rattet. Men dei takka ja til tilbodet. Mamma Ann Elisabeth Haram gjorde det klart at ho ikkje ville vere med på festen, men kunne køyre dei dit dei ville.

– Eg køyrde dei litt hit og dit før festen. Då vi kom inn i eit byggefelt med dundrande høg musikk på anlegget, skrudde eg ned volumet diskret eit hakk ned. Eg ville jo ikkje vere ei partybremse heller, ler Haram.

Ann Elisabeth Haram er russemamma og sjåfør

Ann Elisabeth Haram synest det er viktig at foreldre er tilgjengelege for russeungdomen. Sjølv tar ho gjerne fleire køyreoppdrag dersom det er behov.

Foto: Remi Sagen / NK

Ikkje ein av gjengen

Dottera Sofie synest det er heilt greitt å bruke mamma som sjåfør og kjem til å spør igjen dersom dei har behov.

– Eg merka jo eigentleg ikkje noko av mamma og ho prøvde ikkje å bli ein av gjengen. Det er betre at mamma er sjåfør enn ein framand ungdom som kanskje vil tøffe seg litt i trafikken, seier Støylen.

Foreldre bør stille opp

Distriktsleiar i Trygg Trafikk, Erik Hartmann, synest løsyinga til ålesundsrussen er bra. Det er ikkje ofte at han høyrer at foreldre stiller som sjåfør på russebilen.

– At mor stiller som sjåfør er heilt strålande. Det er slik det skal vere, seier Hartmann. Han meiner at sjølv om foreldre ikkje stiller som fast sjåfør er det viktig at dei kan vere i beredskap og hente tenåringane sine ved behov.

Ikkje skremt

Sofie Haram Støylen og Ann Elisabeth Haram

Sofie Haram Støylen synest ikkje det er flaut å bruke mamma Ann Elisabeth Haram som sjåfør.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ann Elisabeth Haram vart ikkje skremd av natta som russesjåfør. Ho er imponert over kor eksemplarisk dei oppførte seg og stiller gjerne opp fleire gongar.

– Eg synest at det som mor er viktig å vise at eg er tilgjengelege i russetida også. Det blir ofte ein del alkohol blant ungdomen, men vi foreldre må vise at vi bryr oss sjølv om dei er på fest, seier Haram.