Her er klasseromma til elevar i Ålesund

Midlertidige brakker er det som møter mange av 1.-klassingane i Ålesund til hausten. Kommunen manglar plass til hundrevis av elevane.

Brakke i ålesundsskulen
Foto: Øyvind Sandnes

Mange 1.-klassingar i Ålesund kjem til å møte brakkelivet for første gang denne hausten – og det når dei begynner på skulen. For kommunen er ikkje budd på å ta imot elevflokken. Åtte skular må ty til brakker når skuleåret startar til hausten.

Markus Dik

Markus Dik ved Hessa skule slår fast at det er litt trongt ved skulen.

Foto: Øyvind Sandnes

– Det er no litt trongt, slår eleven Markus Dik fast. Han går på Hessa skule i Ålesund, ein av skulane som har absolutt har størst problem med å finne plass til alle som vil på skulen.

Sjå video her:

Over 40 elevar siste halvåret

Mange skular i pressområde går nytt skuleår i møte med store kapasitetsproblem. Berre Hessa skule åleine, som ligg rett utanfor Ålesund sentrum, får 66 førsteklassingar, og har ikkje plass til alle. Og plassproblema ser ut for å kunne vare i fleire år.

Britt Leira Heimdal

Rektor Britt Leira Heimdal ved Hessa skule seier dei har fått over 40 nye elevar berre det siste halvåret.

Foto: Øyvind Sandnes

– Dette er ei mellombels løysing, kanskje tre til fem år, dersom elevtalet aukar slik som det gjer no, seier rektor Britt Leira Heimdal. Berre det siste halvåret fekk ho over 40 nye elevar.

Sprengde prognosar

Den store tilflyttinga skaper problem i Ålesund. Kommunen sine utrekningar og prognosar har vist seg å vere for nøkterne. Det skaper store utfordringar både for små og store. Kommunen vedgår at foreldre og skuleleiarar er uroa.

– Dei gir jo uttrykk for at dei er litt uroa for at det er trongbudd, for liten plass, seier kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal. Den einaste nye skulen i nær framtid ligg i Hatlane, i indre bydel.

Sjå video her:

Mange skular i pressområde går nytt skuleår i møte med store kapasitetsproblem. Hessa skule i Ålesund er blant skulane som har sterk vekst i elevtalet og må ty til mellombelse løysingar.

Det er trongt i mange ålesundsskular. Brakker blir løysinga for mange elevar til hausten.

Vedgår utfordringar

Kommunalsjefen vedgår at den store tilflyttinga skaper store utfordringar, både i skular og barnehagar.

– Det er attraktivt på Sunnmøre, det er god tilgangs på arbeidsplassar og Ålesund kommune er ein magnet i forhold til tilveksten av folk på Sunnmøre, og det gir oss utfordringar, vedgår Rødal.

Siste frist for utviding med fleire brakker, er haustferien i oktober. Dersom det ikkje skjer, bryt timeplanen saman på Hessa skule.