NRK Meny
Normal

Her er KBKs første nysignering

Benjamin Stokke signerte i dag ein toårsavtale med Kristiansund BK.

Benjamin Stokke

Benjamin Stokke signerte i dag ein toårsavtale med Kristiansund BK.

Foto: Birger Hoem

Det skjedde etter at Stokke bestod den medisinske testen måndag ettermiddag.

26-åringen går no frå Levanger FK til Kristiansund BK etter at dei to klubbane blei einige om ein overgangsavtale for spissen. Avtalen som blei signert i dag er på to år og går ut sesongen 2018.

Stokke, som i 2015 og 2016 spelte i 1. divisjon med Levanger, har også ei fortid i Mjøndalen og Sandefjord. Den 26 år gamle spissen er frå Tønsberg og starta karrieren si i Eik-Tønsberg.

Han scora 14 mål for Levanger i årets 1. divisjon, og blei kåra til årets spelar i klubben.

– Vi ønsker Benjamin Stokke velkommen til KBK, skriv klubben på sine nettsider.

Laster Twitter-innhold