Hopp til innhold

Her er det ope i påska

Påska har tradisjonelt vore ei viktig tid for skisentera i fylket. Ein meir snørik vinter enn i fjor gjer at fleire av skisentera kan halde ope denne påska.

Overøye, Stordalen

Mange av skisentera i Møre og Romsdal held ope denne påska. Her ved Arena Overøye Stordal Alpinsenter.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Årets påske ser ut til å bli langt betre enn fjorårets for dei mange skisentera i Møre og Romsdal. Dei fleste av skisenter i fylket har ope kvar dag denne påska, og mange av dei melder om gode forhold både for dei som likar seg på nedoverski og bortoverski.

Best er forholda på Sunnmøre, men det er også gode forhold fleire stadar på Nordmøre og i Romsdal.

Nysnøen redda påska

Odd Skjegstad, dagleg leiar på Ørskogfjell skisenter, kan melde om nysnø og fine forhold i bakken. Dei måtte stenge trekket tidlegare i veka for å spare snøen, men med nysnøen i natt ser påska ut til å vere redda.

– Vi har fått mellom ti og femten cm nysnø, så det ser veldig bra ut for resten av påska, seier Skjegstad.

I fjor måtte dei halde stengt på grunn av lite snø og Skjegstad er glad for at situasjonen ikkje er den same i år.

– Det er heilt andre forhold i år enn i fjor, og det er både vi og publikum fornøgde med, seier han.

  • Saka held fram etter bilete.
Volda Skisenter Reset

Ved Volda skisenter Reset gjorde nysnøen det mogleg å opne bakken att torsdag.

Foto: Volda Skisenter

Nok snø til å vare ut påska

Ved Surnadal alpinsenter på Nordmøre kunne dei melde om litt nedbør i form av regn torsdag formiddag. Det skal likevel ikkje vere nok til å øydelegge forholda i bakken.

– Vi kunne gjerne hatt meir nedbør i form av snø, men det skal vere meir enn nok til å vare ut påska, seier driftsleiar ved senteret Geir Magne Haugen.

På skisenteret i Ørsta kan dei melde om fine forhold i barnetrekket, Nakkeløypa og i Nottane. I Nottane har dei også laga til ein liten park med hopp og rails. I Knuteløypa og hovudtrase er det lite snø, og det er køyring berre på eige ansvar i denne delen. Alle trekk og heiser vert i drift, og det er og fine forhold i langrennsløypene.

I nabokommunen Volda er skitrekket også ope denne påska. Godt snøfall dei siste dagane har gjort at skisenteret kunne opne trekket torsdag. Også her er det preparerte langrennsløyper.

– Akkurat no er det blå himmel, litt sol og ein god del folk i bakken, seier Øyvind Flåskjer.

– Vi har måtte heldt stengt i nokre dagar på grunn av lite snø, men dei to siste dagane har det kome omtrent 30–40 cm nysnø, så det skal halde resten av påska, held han fram.

Ventar mykje folk

Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter i Sykkylven kan fortelje at alle heiser og nedfartar er ope. Det same gjeld for Arena Overøye Stordal Alpinsenter. Begge kan by på eit tettpakka påskeprogram for store og små med ein rekke ulike aktivitetar.

Stian Græsdal, dagleg leiar på Strandafjellet skisenter, kan fortelje om nypreparerte bakkar og fine forhold.

– Her gjeng det for fullt. Alle heisane er opne og vi har fått 20 cm nysnø i løpet av natta, seier han.

Han trur det vil bli ei god påske for skisenteret.

– Det har allereie vore mykje folk her, og fleire vil det nok bli, så dette lovar godt, seier Græsdal.