Hopp til innhold

Her skal Kasper (99) avgarde for å stemme

Heile livet har Kasper Bjerkestrand vore ein KrF-tilhengar. No håper han at stemma hans skal vere med på å gi partiet regjeringsmakt.

Kasper Bjerkestrand

99 år gamle Kasper Bjerkestrand køyrer bil sjølv til vallokalet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Humøret er på topp og latteren aldri langt unna når Kasper Bjerkestrand frå Strande i Molde i dag skal stemme. Han stemte første gong i 1945, men sjølv hugsar han ikkje det så godt.

– Det bryr eg meg ikkje om, ler Bjerkestrand.

Han er ein trufast KrF-veljar og har aldri forstått dette med hemmeleg val. Han meiner partiet er det beste til å ta vare på kristendomen og det er viktig for han. No håper han at KrF kan kome i regjering og få utretta noko.

Køyrer bil

Kasper Bjerkestrand
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Framleis køyrer 99-åringen sjølv. Han synest det er greiast på den måten, slik at han kjem seg heim når han vil. Førarkortet vart fornya i sommar.

Det å dra til stemmelokalet har mykje meir med seg enn berre å putte setelen opp i urna. Vallokalet er også ein stad for å treffe kjentfolk. Og i same slengen tar han ein bytur. Men det viktigaste i dag er å stemme.

– Det betyr at eg får seie meininga mi sånn nokolunde, seier 99-åringen.

Han understrekar at han slett ikkje er samd i alt, men tek det han synest passar best.

For lite kristendom

99-åringen ser veldig sprek ut, men klagar på at føtene og hugsen ikkje er som før. Han misunner ungane som spring forbi og tenkjer på den gongen han var så lett til beins. Den gongen han gjekk på skule hadde kristendomen ein stor plass undervisninga. Slik er det ikkje i dag.

– Det er sørgjeleg at kristendomen er teken bort både frå skulen og kyrkja, seier Bjerkestrand.

Han håper at dersom KrF kjem i regjering, vil dei snu på dette.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat 2013 for Møre og Romsdal» i nytt vindu