Hopp til innhold

Bjørn får ikkje selt juletrea sine

Det er ikkje alle stader at juletresalet går like godt. I Molde fryktar juletreseljarane at dei må kaste store mengder med tre.

Bjørn Nøsavik sel juletre i Molde

Bjørn Nøsavik er redd for at han går i tap på juletresalet. Han trur folk heller vil kjøpe kunstige juletre.

Foto: Roar Strøm / NRK

I Molde står Bjørn Nøsavik med juletre rundt seg på alle kantar. Han har edelgran frå Danmark, norsk gran og furu fra Romsdalen og Vestnes han helst skulle ha blitt kvitt før julaftan. Selgaren er ikkje optimistisk, for det er langt mellom kundane.

– Eg trur plasttrea har tatt over. Utan tvil, seier Nøsavik. Han har selt juletre i ei årrekkje, men no kan han ende opp med å måtte kaste mange av dei høgreiste, staselege trea.

Øyvind Todal frå Surnadal sel også juletre og merkar at salet går trått både i Molde og på Nordmøre.

– Salet av juletre av gått gradvis ned. Problemet er trenden med plasttre. Det er synd, seier Todal. Han har nyleg hatt ein kunde innom som berre vil ha litt granbar for å få den rette dufta i huset, sidan vedkomande hadde kunstig tre heime.

Øyvind Todal

Øyvind Todal sel juletre både i Molde og Surnadal. Han merkar at salet har gått ned frå tidlegare år.

Foto: Roar Strøm / NRK

Enkelte går tom

Sjølv om juletresalet går tregt enkelte stader, er situasjonen heilt annleis i andre delar av landet. Organisasjonen for produsentar av juletre, Norsk juletre, har inntrykk av at salet av juletre går godt.

– Salet varierer. Enkelte stader i landet er det meir snø og dermed hentar folk juletre i skogen sjølv, seier Bjørn Helge Bjørnstad, som er styreleiar i Norsk juletre.

Han veit at i Trøndelag og på indre Austlandet har juletreseljarane måtte henta ned fleire juletre dei siste dagane fordi dei har gått tomme.

Bjørnstad er ikkje like bekymra over dei kunstige som dei to juletreseljarane i Molde. Styreleiaren trur at trenden med tre av plast er i ferd med å snu.

– Vi ser at plastproblematikken gjer at fleire unge kjøparar vil ha naturlege og ekte tre, seier Bjørnstad.

Unngår dryssing

Ved Plantasjen i Molde sel dei både plast og ekte tre. Kunde Jon Ole Løvold kjøper kunstg tre i år, for å unngå dryssinga og rotet det medfører.

– Det luktar ikkje av treet, så vi får nøye oss med dufta av pinnekjøt, seier Løvold.

Plantasjen sel mest levande tre, men heller ikkje dei blir kvitt alle.

– Eg har mange att og må nok kaste ein del, seier seljar Morten Eidem.

Kjøpte plastjuletre på Plantasjen

Jon Ole Løvold er lei av grantre som drysser. I år vart det plastre frå Plantasjen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Går med tap

I Molde er det lange dagar i regn og vind for juletreseljar Bjørn Nøsavik. Han har ikkje gitt opp håpet om at kundane skal strøyme til.

I fjor gjekk han i balanse på juletresalet, men i år kan det bli fleire tusen kroner i tap.

– Det er gambling dette her, men eg får berre ta det som det kjem, seier Nøsavik.