NRK Meny
Normal

Her blir det ny asfalt

Våren nærmar seg for fullt, noko som også betyr oppgradering av vegane rundt omkring i fylket. Sjå oversikta over strekningane som får ny asfalt.

Asfaltering

Arkivfoto: Statens vegvesen skal asfaltere i overkant av 169 km fylkes- og riksveg og legge 97.000 tonn asfalt i Møre og Romsdal i 2016.

Foto: Arkiv

Statens vegvesen skal asfaltere i overkant av 169 km fylkes- og riksveg og legge 97.000 tonn asfalt i Møre og Romsdal i 2016. Totalt er det ca. 53 mil riksveg og ca. 300 mil med fylkesveg i Møre og Romsdal.

Leiar for asfaltseksjonen i Region midt, Thor Asbjørn Lunaas, opplyser i ei pressemelding at val av strekningar som skal få nytt dekke, skjer ut ifrå målingar og registreringar på vegnettet.

– Vi prioriterer strekningar som er sporete og har dårleg standard. I tillegg konsentrerer vi arbeidet med dekkelegging geografisk. Nytt dekke på vegane har stor betydning for køyreopplevinga til trafikantane, seier Lunaas.

Ei oversikt over alle vegane som skal asfalterast i Møre og Romsdal i løpet av 2016 kan du sjå her: Asfaltstrekningar i Møre og Romsdal

Sjå interaktivt kart nedst i saka.

Ta omsyn

Lunaas vektlegg at asfaltering er eit viktig tiltak for å auke trafikktryggleiken.

Thor Asbjørn Lunaas

Leiar for asfaltseksjonen i Region midt, Thor Asbjørn Lunaas, ber bilistane om å vise omsyn.

Foto: Statens vegvesen/Nina Kjeøy

Når asfaltsesongen startar i mai, ber Lunaas trafikantane om å ta omsyn til asfaltarbeidarane og trafikkdirigentane langs vegen.

Kvart år oppstår det trafikkfarlege situasjonar som følge av at utolmodige bilistar tek farlege forbikøyringar og køyrer aggressivt i anleggsområdet. Lunaas oppfordrar folk til å ta det med ro og vise omsyn.

– Dei som er ute på vegen og jobbar, er der for å auke tryggleiken og køyre komforten for deg som trafikant. Då er det fint om du bidreg til å auke tryggleiken for arbeidarane medan dei utfører jobben sin, seier Lunaas.

.