Hopp til innhold

Her blir det kjempever 17. mai

Når salutten blir fyrt av 17. mai skal skydekket sprekke opp og fineveret komme, i fylgje meteorologen.

17. mai i Ålesund
Foto: Ivar Lid Riise / NRK

16. mai har Møre og Romsdal den høgaste temperaturen i heile landet, med Tafjord på 15 grader tysdag morgon. Det er venta at temperaturane stig utover dagen til opp mot 20 grader på Nordmøre. Til natta når russane skal vere oppe og ha finale i russefeiringa blir det gråvêr og regn, men så kjem fineveret.

Sol til barnetoga

– Frå onsdag morgon stoppar nedbøren og skyene sprekk opp. Det ser ut som det blir ein veldig fin 17. mai i Møre og Romsdal, seier meteorolog Anders Sivle.

Skydekket er venta å sprekke opp i 6-7-tida om morgonen. Det blir lett skyar, sol og temperaturar på rundt 17 grader.

– Vêret ser bra ut allereie når barnetoga skal gå, seier Sivle.

Her kan du sjekke veret der du bur.

LES OGSÅ:

Hadde trua

Leiaren for 17. mai-komiteen i Ålesund, Cathrin Drevik Ekrem er strålande nøgd med det fine vêret som er meldt. Sjølv om det låg an til regn ei stund, var ho sikker på at det skulle bli fint ver.

– Eg har ein gamal kneskade, som gjer at eg kan kjenne verforandringar. Eg visste at det kom til å bli fint ver. Det sa eg også til Sunnmørsposten allereie førre veke, seier Ekrem.

17. mai i finever, er ei heilt anna oppleving for folk enn om regnet høljar ned. I dårleg ver orkar folk ofte ikkje høyre på talane eller møte opp til programmet.

– Eg pustar letta ut. No er planlegging ferdig og med fint ver i tillegg er det berre å glede seg, seier Ekrem. Ho håper at flest mogleg møter opp til toga med flagg.