Hopp til innhold

Her blir det jul i fjorten dagar til

Når skal julepynten pakkast bort? Mange meiner jula er over når januar kjem, medan andre vil ha nissane ståande så lenge dei kan.

Nissane til Marit Røsand

Marit Røsand frå Ålesund elskar jula og har ingen planar om å rydde den vekk før om to veker.

Foto: privat

Frå gamalt av var jula slutt 13. januar. Denne dagen festa og dansa folk og sørga for at siste rest av julemat og juleøl vart ete og drukke opp. Mange held framleis på den tradisjonen om at dette er avslutninga på jula og pakkar dermed ikkje bort julepynten før 13. januar, altså 20. dags jul. Ei av dei som vil ha jul lengst mogleg er Marit Røsand.

– Eg blir forundra over dei som kastar ut jula så tidleg, seier ålesundskvinna. Ho har huset fullt av nissar og dei fleste har ho laga sjølv.

Jula får stå i to veker til

For Røsand er jula heilt spesiell. I barndommen hadde foreldra bakarforretning og lite tid til å stelle i stand til jul. Då ho sjølv vart vaksen, tok ho det att til gangs. På det meste har ho hatt 200 nissar i huset.

Nissane til Marit Røsand

Dei fleste av nissane har Marit Røsand laga sjølv. På det meste hadde ho 200, men no har ho gitt bort mange.

Foto: privat

– Eg har alltid vore julete. Eg trur vi treng jula på grunn av mørketida, seier Røsand. Sjølv blir ho i godt humør av å sjå alle juletrelysa og stjernene i vindauga til folk.

Å rydde bort jula 13. januar har ho ingen planar om. Hos henne får jula stå minst i 14 dagar til.

LES OGSÅ:

Pakka pynten på loftet

NRK Møre og Romsdal spurte lesarane kva dei meinte på Facebook. Meiningane er mange og svært ulike.

Ann-Cathrin Grande Kvalsvik skriv at dei pyntar til første søndag i advent og ryddar bort jula 1 januar.

John Kristian Sundklakk ventar til 20. dag jul med å kaste ut jula.

– Det kortar ned ein lang januar. Så pyntar vi ikkje i vekevis før jul heller, skriv Sundklakk.

Det gjer derimot Ingrid Bjørbak Halse. Hos henne kjem julepynten fram tidleg i desember og no har ho pakka ned og bore pynten på loftet.
Therese Madsen Lillevik tek bort julepynten gradvis. Treet vart kasta ut 2. januar, medan julepynt og gardiner forsvinn litt etter litt fram mot 13. januar.

– Eg synest det blir så tomt og kaldt visst alt forsvinn på ein gong, så her koser vi oss med julestemning litt til, skriv Lillevik i sin kommentar på Facebook.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL