På oppdrag frå Stiftinga Kjell Holm og Stiftinga Sunnmøre Museum har båtbyggarar frå Hardanger Fartøyvernsenter bygd ein replika av ei sunnmørsk bankskøyte frå 1880/90-åra. Etter eitt og eit halvt år med detaljert og grundig arbeid var fartøyet klart for sjøsetting i april.
I dag var også alle dei siste detaljane på plass og det var duka for offisiell dåp for bankskøyta i Ålesund.
– Det er rett og slett ubeskriveleg. Det er eit slik arbeid av desse byggarane frå Hardanger og alle dei involverte at eg blir heilt stum, seier prosjektleiar og styremedlem i Stiftinga Kjell Holm, Ørnulf Opdahl.
Kunstnaren meiner at arbeidet med bankskøyta er ein viktig del av historia til Ålesund.
– Dette er sjølve byen sin identitet. Det er desse båtane som la grunnlaget for og bygde opp byen, seier Opdahl.
«Storeggen»
Det var kystdirektør Kirsti Slotsvik som fekk æra av å døype bankskøyta «Storeggen».
Bakgrunnen for namnevalet var følgjande:
– Norges første bankskøyte blei bygd vinteren 1861–62 for handelshuset Rønneberg og Sønner i Ålesund.
– Dei første bankskøytene blei bygd for fiske på Storegga. For å markere dette har ein valt skrivemåten frå den tid, altså «Storeggen», seier Opdahl.
Sjå detaljar frå båten her:
Skal brukast til opplæring
Bankskøyta skal brukast til opplæring av unge og vaksne. Gjennom den skal ei vesentleg periode av norsk fiskerihistorie bli fortalt. Denne overbygde båttypen har i ettertid blitt sett på som hovudårsaka til at fiskeri blei ein heilårsarbeid i Norge på slutten av 1800-talet.
Desse båtane skal ha vore langt tryggare enn tidlegare fartøy og fekk stor betydning for at mange vågde og satse på å leve av fiskeri, både sommar som vinter.
- Les også:
- Les også:
Hausten 2016 skal skuleelevar og andre etter planen få segle bankskøyta og lære litt om kvardagen til ein fiskar fram mot hundreårsskiftet.
Her kan du sjå Norge Rundt-innlaget om bankskøyta: