Hopp til innhold

– Det er rett og slett ubeskriveleg, eg blir heilt stum

I strålande solskin kom dei siste detaljane på plass då bankskøyta blei døypt i Ålesund i dag. «Storeggen» blei namnet på den tradisjonelle båten.

Bankskøyta Storeggen

Det var kystdirektør Kirsti Slotsvik som fekk æra av å døype bankskøyta «Storeggen».

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

På oppdrag frå Stiftinga Kjell Holm og Stiftinga Sunnmøre Museum har båtbyggarar frå Hardanger Fartøyvernsenter bygd ein replika av ei sunnmørsk bankskøyte frå 1880/90-åra. Etter eitt og eit halvt år med detaljert og grundig arbeid var fartøyet klart for sjøsetting i april.

I dag var også alle dei siste detaljane på plass og det var duka for offisiell dåp for bankskøyta i Ålesund.

– Det er rett og slett ubeskriveleg. Det er eit slik arbeid av desse byggarane frå Hardanger og alle dei involverte at eg blir heilt stum, seier prosjektleiar og styremedlem i Stiftinga Kjell Holm, Ørnulf Opdahl.

Kunstnaren meiner at arbeidet med bankskøyta er ein viktig del av historia til Ålesund.

– Dette er sjølve byen sin identitet. Det er desse båtane som la grunnlaget for og bygde opp byen, seier Opdahl.

Bankskøyta i Ålesund vart døypt

«Storeggen»

Dåp bankskøyta

Mange hadde møtt opp for å få med seg dåpen i Ålesund.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Det var kystdirektør Kirsti Slotsvik som fekk æra av å døype bankskøyta «Storeggen».

Bakgrunnen for namnevalet var følgjande:

– Norges første bankskøyte blei bygd vinteren 1861–62 for handelshuset Rønneberg og Sønner i Ålesund.

Dei første bankskøytene blei bygd for fiske på Storegga. For å markere dette har ein valt skrivemåten frå den tid, altså «Storeggen», seier Opdahl.

Sjå detaljar frå båten her:

Bankskøyta
Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Skal brukast til opplæring

Bankskøyta skal brukast til opplæring av unge og vaksne. Gjennom den skal ei vesentleg periode av norsk fiskerihistorie bli fortalt. Denne overbygde båttypen har i ettertid blitt sett på som hovudårsaka til at fiskeri blei ein heilårsarbeid i Norge på slutten av 1800-talet.

Desse båtane skal ha vore langt tryggare enn tidlegare fartøy og fekk stor betydning for at mange vågde og satse på å leve av fiskeri, både sommar som vinter.

Hausten 2016 skal skuleelevar og andre etter planen få segle bankskøyta og lære litt om kvardagen til ein fiskar fram mot hundreårsskiftet.

Her kan du sjå Norge Rundt-innlaget om bankskøyta:

Distriktenes magasin.Programleder Pål Kristian Lindseth tar oss med til sin hjemby Ålesund. Mange forbinder byen med bybrann og jugendstil, mens den kanskje viktigste årsaken til at byen ble by ligger i historien til fartøytypen bankskøyte. Alle disse bankskøytene er borte og har vært det lenge. Nå bygges det en ny for første gang på 116 år.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no