Henta ut av røykdykkarar
Ein person blei henta ut av røykdykkarar og sendt til sjukehus etter røykutvikling i eit husvære i Molde. Nødetatane fekk melding frå Bjørset i natt. Truleg skuldast røykutviklinga tørrkoking. Det var berre ein person, ein mann i 40-åra, i husværet.