Hopp til innhold

Henta ned frå Store Vengetind

Eit par i 50-åra måtte i natt hentast ned frå Store Vengetind i Rauma med helikopter etter å ha gått seg fast i terrenget.

Vengetind

Paret kom frå hendinga utan skade, men var slitne etter å ha gått i fjellet i mellom 16 og 18 timar, rapporterer politiet.

Det var eit Sea King- helikopter som henta dei to i 03-tida i natt.

– Vi fekk melding om at to personar hadde gått seg fast i bratt terreng, og helikopter blei rekvirert. Dei to var godt synlege i terrenget, og helikopteret fekk plukka dei raskt opp, seier operasjonsleiar Thorry Aakenes til NRK.

Store Vengetind med sine 1852 meter, er det høgaste fjellet i Romsdalen.

Romsdalshorn og Vengetind

Romsdalshorn og Vengetind er begge populære turmål i Romsdalen.

Foto: Den Norske Turistforening

Aakenes seier turen blei lengre og meir strabasiøs enn rekna med for dei to.

Sidan paret er busett i Molde kommune, blei dei to frakta rett heim att med helikopteret.