Hopp til innhold

Henta geitene frå fjellet i ryggsekk

For to veker sidan stakk geitene til fjells, men etter to og ein halv time med blodslit fekk Kenneth Skjortnes og svigermor henta dei ned igjen – på skuldrene og i sekk.

Henta geiter i ryggsekk frå fjellet

GEIT I SEKKEN: Det vart stilt då geita fekk sitje i sekken på veg ned frå fjellet.

Foto: Privat

Dei tre geitene bestemte seg plutseleg for å fare til fjells for eit par veker sidan – like før dei skulle innandørs for vinteren. Men dei hadde det godt til fjells heilt til snøbyene kom før helga.

Då måtte Kenneth Skjortnes og Hildegunn Berli ta grep. Geitene var ungane sine – og dermed nesten endå viktigare å få heim att.

Vi sette oss på raua og aka ein god del i djupsnøen. Då vart det ein del bæljing og skriking frå geitene.

Kenneth Skjortnes

– Det var ein vanvitig tur, kanskje til og med farleg, seier valldalingen dagen derpå.

Til å begynne med var turen grei, men når dei passerte skoggrensa starta slitet. Sjølv med broddar og isøks, berre ei vel og merke, vart det ekstremt vanskeleg.

– Det var ikkje noko særleg. Det vart bratt og låkt å få fotfeste.

Berlikloven - geiter funne her

Under fjellhammaren vart geitene funne. Kanskje litt svoltne, men mest slitne.

Foto: Privat

Geitene hadde kome seg heilt frå botn av Valldalen og rett opp Gjerdsegga. Ein hard tur, sjølv for geitene. Berre 100 meter frå toppen på Berlikloven fann Kenneth og svigermor geitene under ein fjellhammar.

– Dei har nok funne kvist og bark, så dei såg ikkje utmagra ut. Men dei var slitne. Og med litt tørrfôr var dei ikkje tunge å be.

Turen ned igjen

Den verste utfordringa møtte dei først då dei skulle ta turen ned igjen. Det vart mørkt, men med stropper rundt springa deira sette dei kursen nedover.

– Vi sette oss på raua og aka ein god del i djupsnøen. Då vart det ein del beljing og skriking frå geitene. Det var dei nok ikkje komfortable med, fortel han.

Så da gjekk vi der, eg med ei geit i sekken og ei over skuldrane. Og svigermor med endå ei på ryggen.

Kenneth Skjortnes

Det vart også kaldt for dei, og når dei møtte skoggrensa nekta dei å bevege seg.

– Den eine la seg ned og vi måtte ha ho i sekken. Etter det kom ikkje det ein lyd frå ho. Så da gjekk vi der, eg med ei geit i sekken og ei over skuldrene. Og svigermor med endå ei på ryggen.

– Korleis er forma i dag då?

– Geitene har det bra. Dei fekk sove på vaskerommet til svigermor i natt. Og svigermor sjølv har nok ikkje gangsperre ein gong. Ho er i betre form ho enn meg, seier han, og legg til at det var godt å ha med seg ei fjellgeit på tur.

Både geitene og ungane var overlukkelege då dei igjen var i god behald.

– Men eg veit ikkje om eg hadde gjort så mykje meir for å fått dei ned igjen, seier valldalingen.

– Det var ein tung tur. ​

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL