NRK Meny

Henrik Krogstad på fjerdeplass

Rallykøyraren Henrik Krogstad frå Langevåg kom på fjerdeplass i opningsarrangementet i Rally X Nordic i dag. I semifinalen starta han med motortrøbbel, men tre av dei andre bilane krasja og Krogstad kom inn til ein andreplass. Krogstad seier det var ein fantastisk og hektisk dag med opp- og nedturar, men at han er fornøgd med årets første løp på heilt ukjend bane. Neste løp er i juni.

Henrik Krogstad
Foto: Robert Sæther